DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Det seier forskar Beate Rotefoss. For første gong i Norge er det gjennomført ei omfattande kartlegging av effekten av entreprenørskap i skulen. Rapporten "Entreprenørskap på høygir!" har fleire overraskande funn.
Ungdom ser ei framtid i fylket
- Om lag ein fjerdedel av elevane svarer at dei ønskjer å busetje seg på heimstaden. Mellom 70 og 80 % av elevane i grunnopplæringa ønskjer å ta høgare utdanning, og om lag 15 % av elevane kan tenkje seg å etablere eiga bedrift. Om lag halvparten av desse att ønskjer å etablere bedrift i heimfylket. Det er sterke tal, og det lover godt for framtida til Sogn og Fjordane, meiner Rotefoss frå Kunnskapsparken i Bodø.
Entreprenørskap integrert i skulekvardagen
- Sogn og Fjordane skil seg frå resten av landet ved at det er mange ulike aktørar involvert i satsinga. Over halvparten av skulane i fylket har klart det mange skular rundt om i landet slit med; å integrere entreprenørskapssatsinga inn i den generelle skulekvardagen.
Entreprenørskap – mykje meir enn bedriftsetablering
- Satsinga stimulerer entreprenørielle eigenskapar, som til dømes eleven sin evne til å vere kreativ, sjølvstendig, ta ansvar og stole på seg sjølv. Elevane ser mulegheiter i eigne miljø, og blir meir motiverte og engasjerte i skulen.
Gründer Mats Åsnes Skjelbred (foto) er eit godt døme på ungdom som har gått gradene innafor entreprenørskapssatsinga i fylket.
Tett kontakt med næringslivet
- Framleis er mykje av satsinga basert på eldsjeler, men fylket ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i høve utdanning av lærarar i entreprenørskap. Fylket er eit føregangsfylke når det gjeld satsing på lærarkrefter og utstrekt kontakt med lokalt næringsliv.
Pioneren for entreprenørskap
Høgskulelektor Ivar Offerdal er ein av pionerane for innføring av entreprenørskap i alt frå barnehage til høgskule. Sidan 2003 har han reist rundt i fylket som ein misjonær for REAL-metodikken. Han har hatt fleire turar til USA og land i Europa for å få idear til korleis satsinga kan styrkast og utviklast betre.
Les også
Viktig kunnskap frå Sogn og FjordaneI tre heile dagar fekk skuleelevane erfare korleis det kan vere å skape noko, og å ha eit positivt og interessert næringsliv med på laget.
Samarbeid på tvers av organisasjonar ga lærerike dagar. Ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane fekk synt seg fram, lært om svart økonomi, og politikarane fekk augo opp for gründerånden i fylket.
Alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane registrerte ungdomsbedrifter 2009/2010. Det har aldri skjedd før. Fylket fekk dermed 100% dekning når det gjeld UB på dei vidaregåande skulane.
Eid vidaregåande skule har alltid vore gode på entreprenørskap, men i år er dei spesielt gode. Heile 17 ungdomsbedrifter er registrerte på skulen - mykje takka vere "superlærar" Leiv Johnny!
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |