DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Gründerspirer i Måløy

I tre heile dagar fekk skuleelevane erfare korleis det kan vere å skape noko, og å ha eit positivt og interessert næringsliv med på laget.

Det lovar godt for det veksande gründermiljøet i Måløy når dei klarer å engasjere ungdomar frå 9.klasse ved Vågsøy skule til tre heile dagar med konsentrert arbeid for å løyse ulike utfordringar. Og dei får resultat som imponerer.

Alt frå utforming av uteområdet
til smykkedesign

Gruppa som fekk oppdraget frå ”Opplæring Vest” der dei skulle planleggje eit nytt uteområde for Vågsøy ungdomsskule, gjekk til topps. Dei leverte ein solid rapport med god dokumentasjon på korleis det nye uteområdet kunne sjå ut.

Andreplassen gjekk til gruppa som fekk oppdraget ”design eit smykke med inspirasjon frå Vågsøy og årstidene”. Det oppdraget kom frå Måløy Vekst, som også stod for det meste av planlegginga av gründercampen i Måløy.


Du kan sjå bilete frå gründercampen på Ungt Entreprenørskap sine nettsider her.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Oppfinning mot eksamensjuks
    Oppfinning mot eksamensjuks

    19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.

  • Elevar involvert i operaarbeid
    Elevar involvert i operaarbeid

    Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.

  • Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"
    Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"
    Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"

    “Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 30 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by