DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
UE har samarbeidd med Skatte-etaten og LO om arrangement fem stader i fylket den siste tida. Arrangørane har presentert samarbeidsforum mot svart økonomi og om rettar og plikter i arbeidslivet. Ungdomsbedrifter frå heile fylket fekk presentere sine bedrifter i møte med styret og administrasjon i UE, politikarar og lærarar på dei vidaregåande skulane.

- Attendemeldingane har vore gode - både frå elevar, lærarar og eksterne gjester, seier UE-rådgivar, Eivind Husabø. - Ordførarane frå både Jølster, Førde og Florø møtte opp, og dei var imponerte over dei flotte ungdomsbedriftene.
På UE sine nettsider kan du lese meir om dei unge bedriftseigarane. Sjå også filmen frå NM i gründercamp i Trondheim, der ungdomar frå vårt fylke utmerka seg.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |