DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Avisa Firda fortel om 19-åringen frå Gloppen som blir halde under oppsyn av sjøvaste Microsoft.
Rektortale trigga idéen
– Juletalen til rektor ved Eid vidaregåande skule, Ove Bjørlo, sette med på idéen. Han tok eksamensjuks opp som eit aukande problem etter at alle elevar har sin bærbare pc til skulebruk, fortel lærlingen i dataelektronikk ved skulen på Eid, til Firda.
Minnepinne hindrar nettkontakt
Nøkkelen ligg i minnepinnen han har lasta opp med dataprogram som stoppar all kontakt med internett. Unntaket er nettadresser skuleleiinga sjølv gir opning for. Pinnen må på plass i datamaskina før eksamen startar, og skal sitje til eksamensoppgåva er levert. Blir den forsøkt kopla frå, er eksamen over for eleven.
På jakt etter investorar
Osa har alt etablert sitt eige firma. Han er i kontakt med ulike vidaregåande skular på Vestlandet, som vil teste ut idéen. Han har søkt Gloppen kommune om økonomisk støtte, og er no på jakt etter investorar som gjer at han kan utvikle idéen vidare.
Står på, trass motstand
- Eg hadde jobba med prosjektet i fleire månader då eg kom i kontakt med Microsoft som gjorde det klart at eg ikkje kunne tene pengar på slike løysingar fordi mange av komponentane eg nytta, var deira, vedgår Osa.
- Ein liten nedtur, men det hindrar ikkje at eg jobba vidare med prosjektet, samstundes som eg såg mogelegheiter til vidareutvikling med forretningspotensial, seier han.
I tråd med norsk regelverk
Enno er berre knapt halve jobben gjort, men målet er å utvikle eit system der læraren kan ha full oversikt over kva elevane gjer på eigen pc i klasserommet i ein heilt vanleg undervisningssituasjon.
Det finst britiske og amerikanske løysingar på dette, men dei er ikkje godkjende av det norske datatilsynet fordi dei overvaker elevane.
- Det systemet eg utviklar, er i tråd med norsk regelverk, og vil gjere det mogeleg for læraren å ha kontroll med databruken til kvar einskild elev i klasserommet. Meiner han ein elev er for lenge på til dømes Facebook, er det slutt på nettbruken til vedkommande, i alle fall den timen, seier Osa.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |