DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Du er her:

Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"
Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"

“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.

Dette er tredje året “Frå utdanning til jobb” vert arrangert.

Ettertrakta program

- Programmet har vorte utruleg ettertrakta i Sogn og Fjordane. Dette skuleåret har vi 1282 påmelde elevar. Det er eit høgt tal for vårt vesle fylke og utgjer 28 prosent av elevane i vidaregåande skular , seier Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Lære ved å gjere

- Gjennom øvingar får elevane lære om korleis arbeidsmarknaden fungerer Dei får opplæring i korleis dei kan finne fram til aktuelle jobbar og korleis skrive ein god CV. Dei får heile vegen rettleiing av tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane, som har teke på seg gjennomføringa av programmet. Til saman ti rettleiarar frå banken skal ut til skular over heile fylket.

- Vi rettar ein stor takk til Sparebanken Sogn og Fjordane som tek på seg alt arbeidet med å vere rettleiarar, seier Husabø.

Det vert også sett søkjelys på sjølvinnsikt og kompetansekartlegging. Etter å ha gjennomført programmet skal elevane stå betre rusta i jobbsøkingsprosessen.

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • - UB-erfaring til nytte seinare i livet
    - UB-erfaring til nytte seinare i livet

    Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.

  • Oppfinning mot eksamensjuks
    Oppfinning mot eksamensjuks

    19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.

  • Elevar involvert i operaarbeid
    Elevar involvert i operaarbeid

    Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.

  • Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"
    Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"
    Over tusen elevar med på "Frå utdanning til jobb"

    “Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 30 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by