DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Prosjektet "Ung Framtid" starta i 2007, sluttar i 2010 og har fire kjerneområde;
Entreprenørskap i 4H og bygda
Mange 4H-medlemer og 4H-klubbar driv eit viktig entreprenørskapsarbeid i bygd og by, ved å lage til arrangement og skape tilbod for innbyggarane. 4H Sogn og Fjordane byggjer - gjennom "Ung Framtid" - vidare på arbeidet. Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane sikrar fagleg hjelp og oppfølging.
Møteplassar i skulesentra
Her er hovudmålgruppa 1. års hybelbuarar fordi desse kan mangle nettverkt på skulestaden og fordi ungdomstida er ein spesiell fase i livet. Døme på aktivitetar er volleyballspeling i hallen, kosekveld på skulen og hybelmatkurs (promotert som eit godt sjekketriks!).
Matskule
4H-matskule er eit ope tilbod for born i 4.-7. klasse. I løpet av matskulen skal borna få gode opplevingar av sunn mat og fysisk aktivitet, og ha det artig i lag.
Støtte til 4H-klubbar i fylket
Gjennom "Ung Framtid" håpar 4H i Sogn og Fjordane å starte nye klubbar i fylket eller å nyoppstarte nedlagte klubbar. Les meir om prosjektet ...
Om 4H i fylket, gå til Sogn og Fjordane 4H
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |