DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

- Vi har fått lov til å få namnet "Barn i fokus" og vidareføre arbeidet med å hjelpe barna ved barneheimen sør i Latvia, fortel Ulrikke Thomsen (19) frå Måløy. Saman med Marie Rivedal (19) frå Førde har dei nettopp registrert stiftinga som skal drive støttearbeid direkte inn mot dagheimar, barneheimar og barn i private heimar.
Vil bli store
- Ideen er å engasjere folk som kan støtte oss og få organisasjonen til å bli stor - veldig stor! seier Ulrikke. Ho og Maria var i Latvia saman med dei andre i ungdomsbedrifta frå Øyrane vidaregåande skule i fjor haust. Då reiste dei med 900 kasser kle, sko, leikar, tepper og innsamla pengar til å ta med barna på tur. No vil dei to satse vidare.
Sjå "film" frå då Barn i Fokus UB tok turen til barneheimen og dagsenteret i Latvia
- Vi kjem til å dedikere mykje tid, men førebels på fritida. Det blir ubetalt og kjem i tillegg til studier og jobb, førebels med base i Bergen.
Harde kår i Latvia
- Det er så mange barn i Latvia som vi er blitt glade i og som fortener det beste. Dei lever under veldig harde kår! seier Ulrikke.
Ho innrømmer glatt at dei ikkje hadde klart dette utan kunnskapen og erfaringane frå arbeidet i Ungt Entreprenørskap.
- Vi har fått veldig god hjelp, m.a. frå Eivind Husabø, avsluttar ho.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |