DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Østlandsforskning har i haust gjennomført ei undersøking på eigenetablering blant personar i alderen 24-25 år. Undersøkinga syner at 17 prosent av dei som har drive ungdomsbedrift (UB) har etablert eiga verksemd, mot 13 prosent i kontrollgruppa.
Nyttig kunnskap
- Arbeid med UB gir konkret kunnskap om bedriftsetablering, men erfaringa bidreg også til å utvikle personlege eigenskapar og haldningar. Tidlegare UB-elevar veit korleis dei skal setje idear ut i livet, og dei gjer det, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge.
Undersøkinga, som er gjennomført på oppdrag frå Ungt Entreprenørskap og Hovedorganisasjonen Virke, viser også andre spennande funn.
• 33 prosent av tidlegare UB-elevar har leiaransvar i dag – mot 25 prosent i kontrollgruppa.
• 55 prosent av UB-deltakane meiner dei har nødvendige kunnskap og dugleikar for å etablere ei bedrift om moglegheita skulle dukke opp – mot 41 prosent i kontrollgruppa.
• 46 prosent av UB-deltakarane ønsker å bli sjølvstendig næringsdrivande – mot 39 prosent i kontrollgruppa.
Last ned rapporten "Unge bedrifter og entreprenørskap".
Elevar lærer av å styre sjølv
Ungdomsbedrift er Ungt Entreprenørskap sitt bedriftsprogram i vidaregåande skule. Elevene startar, driv og avviklar sin eigen bedrift med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut frå reelle idear og realiserer desse gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Ei ungdomsbedrift blir registrert i Brønnøysundregisteret via Ungt Entreprenørskap som ei eiga juridisk eining. I 2010 hadde 11.085 elevar som Ungdomsbedrift i regi av Ungt Entreprenørskap.
1.187 personar i alderen 24 til 25 år deltok i undersøkinga. Rundt halvparten av desse var med i ungdomsbedrifte for fem år attende i tid. Dei største skilnadane på dei to greuppene syner seg på erfaring med entreprenøriell aktivitet, entreprenøriell kapasitet, karriereønske og leiaransvar.
Når det gjaldt sysselsettingsevne, intreprenørskap, sosialt entreprenørskap, eige veletablert bedrift, vekstambisjoner og det å sjå entreprenørielle mulegheiter var det ingen skilnad på dei to gruppene.
Les meir på nettsidene til Ungt Entreprenørskap.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |