DRIFTIG.NO  er  for deg som vil;

    -  lære entreprenørskap
    -  starte bedrift
    -  drive bedrift

  ... i Sogn og Fjordane.   

 

 Les meir...

Søk

Verktøylinje

Blogg

Les aktuelle bloggarar...

Besøke blogg

Siste artiklarSiste artiklar

Du er her:

UE-vekst i fylket

Første gong på fleire år er det registrert ei studentbedrift i fylket. Og det har aldri før vore registrert så mange elevbedrifter så tidleg på skuleåret.

                                       

- Vi femner breiare enn vi nokon gong har gjort; alt frå barnehage, grunnskule, vidaregåande og høgskule. I år er alle vidaregåande skulane med, mange tek full pakke med alle programma, seier Eivind Husabø, rådgivar i Ungt entreprenørskap (UE).
 
Ungdomsbedrifter
22. september var det registrert 22 ungdomsbedrifter i fylket. – Det er første gong vi har hatt så mange som har registrert seg så tidleg, seier Husabø. Det lovar godt. Han veit det vil kome mange fleire utover hausten. Ungdomsbedriftene dreier seg om alt frå gourmetmat til byggfag og it-verksemd.
 
Sosialt entreprenørskap
Nokre har valt sosialt entreprenørskap. Det handlar om å skape noko for lokalsamfunnet, utan å gjere seg rik på det. Husabø trekkjer fram tidlegare elevar ved Øyrane skule som har halde fram med elevbedrifta Barn i fokus i Latvia.
 
Ulike typar gründercampar
Det finst tre ulike former for gründercamp; fornybar energi, bedriftsetablering og problemløysing for bedrifter – på 24 timar.
5. oktober er det gründercamp med bedriftsetablering ved HSF i Sogndal.
22. oktober er det Enova gründercamp ved Øyrane vidaregåande skule i Førde. Fokuset blir retta mot fornybar energi, og tema er ”Bruker vi energi rett, bruker vi rett energi?”
 
NM i gründeraktivitetar
Studentbedrifta som er etablert i fylket, yter konsulenttenester innafor automasjon, og er lokalisert på HSF i Førde. Dei skal vere med på gründercamp i Førde, der eit lag blir sendt vidare til Nasjonal gründercamp i Trondheim, og skal kjempe om NM-tittel.

UE betre, breiare og internasjonalt
- No har vi breidda frå barnehage, grunnskule, vidaregåande og høgskule godt forankra gjennom eit solid mannskap. Dette er absolutt eit teikn på at Ungt entreprenørskap er på rett veg, seier den entusiastiske rådgivaren som 24. september reiser til USA med UE -ungdomar frå fylket.
 

Verktøylinje

  • Nettby
  • Origo
  • LinkedIn
  • Gründerspirer i Måløy

    I tre heile dagar fekk skuleelevane erfare korleis det kan vere å skape noko, og å ha eit positivt og interessert næringsliv med på laget.

  • Nye samarbeid styrkar UB-kunnskap
    Nye samarbeid styrkar UB-kunnskap

    Samarbeid på tvers av organisasjonar ga lærerike dagar. Ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane fekk synt seg fram, lært om svart økonomi, og politikarane fekk augo opp for gründerånden i fylket.

  • Ungdomsbedrifter over alt i Sogn og Fjordane!
    Ungdomsbedrifter over alt i Sogn og Fjordane!

    Alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane registrerte ungdomsbedrifter 2009/2010. Det har aldri skjedd før. Fylket fekk dermed 100% dekning når det gjeld UB på dei vidaregåande skulane.

  • Ny rekord på Eid - 17 ungdomsbedrifter!
    Ny rekord på Eid - 17 ungdomsbedrifter!

    Eid vidaregåande skule har alltid vore gode på entreprenørskap, men i år er dei spesielt gode. Heile 17 ungdomsbedrifter er registrerte på skulen - mykje takka vere "superlærar" Leiv Johnny!

    1 | 2 | 3 | 4     Neste »
Viser fra 1 til 4 av totalt 16 artikler
Copyright 2008 CoreTrek Red. Oddrun Midtbø                                                                                design by