DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...
Det sa høgskulelektor Petter Lexander til dei omlag 50 lærarane og rådgjevarane som var samla på entreprenørskapsdag på Skei 9. september.
Beste råd
Hans beste råd var å bruke kreativiteten i undervisninga til å tenke nye tankar om visjon og mål og slik få nye idear.
Verste felle
- Den verste fella desse lærarane kan gå i er å gje kjappe svar. Kravet til effektivitet er ein trussel mot kreativitet.
Elevane må innom mange idear, drøfte dei før dei finn endelege svara. Då får dei i tillegg mykje verdifullt på vegen, seier Lexander. Han meiner elevane som får delta i Ungt Entreprenørskap er svært heldige.
Flott med UE
- Dei får ein ekstra kompetanse i nært samarbeid med kvarandre og med andre utanfor skulen. Det er flott! seier mannen som til dagleg underviser ved Høgskulen i Hedmark.
Last ned foredraga om Kreativitet og om Den skapande institusjonen.
Rapporten «Ungdomsbedrift og entreprenørskap» konkluderer med at dei som har drive ungdomsbedrift i skulen, oftare enn andre, startar opp eigne bedrifter seinare.
19-år gamle Vegard Ebbe Osa har ein smart idé som kan setje ein stoppar for alle som vil jukse seg til betre eksamensresultat.
Elevar ved Eid vidaregåande skule er sterkt involvert og får nyttig erfaring, gjennom arbeidet med Tryllefløyten.
“Frå utdanning til jobb” er eit program som tek sikte på å lære elevar i vidaregåande skule om korleis arbeidsmarknaden fungerer. Det er Ungt entreprenørskap som står bak, og i Sogn og Fjordane har heile 1282 elevar meldt seg på.
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |