DRIFTIG.NO er for deg som vil;
- lære entreprenørskap
- starte bedrift
- drive bedrift
... i Sogn og Fjordane.
Les aktuelle bloggarar...

Programstyret for entreprenørskap og nyskaping, overrekte forskingsrapporten om satsinga på ungt entreprenørskap i skulen til fornyings- og administrasjonsminister, Heidi Grande Røys med bodskapen: - Sogn og Fjordane har no eit nyttig dokument som syner at vi er på rett veg. Denne bør regjeringa kunne bruke aktivt.
Godt kjent
Heidi Grande Røys kvitterte med å fortelle at arbeidet i Sogn og Fjordane allereie er godt kjent blant kunnskapsministrane, men at rapporten bringer viktig fakta fram og gir såleis spennande og nyttig kunnskap for arbeidet vidare. Ho berømma det store partnarskapet i Sogn og Fjordane og trakk fram særleg NHO Sogn og Fjordane som ein viktig medspelar.
På linje med regjeringa
Same dag som forskarane sette punktum i rapporten, kom regjeringa med ”Handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga”. - Av dei 14 tiltaka regjeringa peiker på som viktige framover, er sju av tiltaka høgaktuelle for fjordfylket, som dermed står sterkt i kampen om midlane.
Vil du lese rapporten, som byggjer på intervju med 1226 elevar, lærarar og skuleeigarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring i fylket? Last ned "Entreprenørskap på høygir".
Les meir frå lanseringa av rapporten. på Øyrane vidaregåande skule.
I tre heile dagar fekk skuleelevane erfare korleis det kan vere å skape noko, og å ha eit positivt og interessert næringsliv med på laget.
Samarbeid på tvers av organisasjonar ga lærerike dagar. Ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane fekk synt seg fram, lært om svart økonomi, og politikarane fekk augo opp for gründerånden i fylket.
Alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane registrerte ungdomsbedrifter 2009/2010. Det har aldri skjedd før. Fylket fekk dermed 100% dekning når det gjeld UB på dei vidaregåande skulane.
Eid vidaregåande skule har alltid vore gode på entreprenørskap, men i år er dei spesielt gode. Heile 17 ungdomsbedrifter er registrerte på skulen - mykje takka vere "superlærar" Leiv Johnny!
| Copyright 2008 CoreTrek | Red. Oddrun Midtbø design by |