Gründerane Håkon Vikøren og Kristoffer Aase er på plass hjå Techyard og Hellenes i Førde og tek no fatt på Verdas Beste Sommarjobb. I løpet av dei seks neste vekene skal dei vidareutvikle forretningsidéen sin Munti Box som er eit digitalt leiketre for barn som kan plasserast på større offentlege stadar som kjøpesenter, flyplassar og opplevingssenter.  Driftig har snakka med dei om sommarjobben, forventingane og framtida.


 MUNTI MAGIC: Kristoffer Aase (t.v) og Håkon Vikøren (t.h), aka Munti Magic, har kontor hjå Techyard og Hellenes i Førde i sommar. 

MUNTI MAGIC: Kristoffer Aase (t.v) og Håkon Vikøren (t.h), aka Munti Magic, har kontor hjå Techyard og Hellenes i Førde i sommar. 


Kristoffer Aase

Alder: 23

Yrke: Student

Bustad: Trondheim

Interesser: Teknologi og musikk.

 

Håkon Vikøren

Alder: 24

Yrke: Student

Bustad: Trondheim

Interesser: Friluftsliv, teater og musikk

 


 

Kva ville de bli som liten?
 
Håkon: Når eg var liten ville eg bli fotballspelar. Eg var ein typisk fotballgutt. Følgde med på ligatabellen i alle de største europeiske ligaene, leste Boeing-blad og var på fotballbana heile helga, kvar helg. På barneskulen var det neste målet å bli siviløkonom, som ikkje er så langt frå det eg har blitt.
 
Kristoffer: Eg ville bli søppelmann, det så skikkeleg spennande ut å stå bakpå bilen medan den køyrde.

 

 

Kva skjedde?
 
Håkon: Eg forstod vel at dei lange beina mine ikkje klarte å springe fort nok for engelsk eliteserie og teknologien hadde ikkje komme langt nok til å gjere noko med det.
 
Kristoffer: Eg fann ut at eg heller ville bli fotballspelar eller rockestjerne, noko eg framleis prøver meg på.
 

 


Kvifor valte de NTNUs entreprenørskapsskule?
 
Håkon: Eg hadde høyrt mykje bra om studiet frå tidlegare studentar, både om det sosiale samhaldet og den uortodokse oppbygginga. Dei sa at ein måtte jobbe hardt, men at ein kunne følge sine eigne interesser og lidenskap i større grad enn ved andre studiar. Så ein av hovudgrunnane til at eg valte den vegen var fridom. Eg har også alltid vore inspirert av tanken på å jobbe med min eigen forretningsidé og likar kjensla av å skape noko nytt og eige som er drive av teamarbeid og stå-på-vilje. Det er også ein fordel at skillet mellom arbeid og fritid blir viska ut.
 
Kristoffer: Eg har alltid hatt lyst til å starte mi eiga bedrift. Entreprenørskulen virka som eit spennande og kreativt studie som ville gi meg god erfaring og innsikt i korleis eg kunne gjere dette. Samstundes mista over 12 000 menneske i Stavangerregionen jobbane sine grunna nedgang i oljeindustrien, så eg såg eit tydeleg behov for nyskapning og innovasjon.  
 


 
Kva gode kvalitetar ser de i kvarandre som er nyttig å ha som gründer?
 
Håkon: Kristoffer er uredd og flink til å ta initiativ. Han har stor arbeidskapasitet og har tidlegare starta fleire interessante prosjekt som blant anna eige plateselskap, designfirma og musikkgruppe. Han er også god på å ta eit steg tilbake og sjå dei mest pressande problemstillingane. Her komplimenterer han meg, då eg gjerne kan peise på utan å tenke på kvifor vi faktisk jobbar med akkurat det vi held på med.  
 
Kristoffer: Håkon er flink, effektiv og ein legende i Excel. Som Håkon seier er han flink til å druse på, noko eg synest er ein veldig viktig kvalitet å ha som gründer. Vi jobbar ofte i eit høgt tempo og gjer ting vi eigentleg ikkje kan, og difor er det viktig å ”gønne” på for å komme seg framover, noko Håkki gjer på ein god måte.  

 


 
Kva kan de bli flinkare til?

 
Håkon: Eg kan bli flinkare i å strukturere arbeidsveka mi. Eg er veldig strukturert når eg arbeider med noko på dagen, men kan absolutt bli flinkare til å disponere tida over eit lengre perspektiv. Eg kan også bli flinkare til å sette pris på å stå opp kl. 7.
 
Kristoffer: Det å få unnagjort små gjeremål, som å sende e-poster og ta telefoner er noko eg prøver å bli flinkare til å gjere fortløpande, slik at eg kan fokusere meir på dei komplekse oppgåvene vi jobbar med. Eg har også potensiale til å bli flinkare til å danse, lukeparkere og fortelle vitsar.   


 
 
Kva håpar de å lære i verdas beste sommarjobb?
 
Håkon: Eg håper eg kan få anvende det eg lærer på Entreprenørskulen i ein  forretningssamanheng. Heilt konkret ønsker eg å inngå ein salsavtale med ein spennande samarbeidspartnar i regionen og knytte investorar til prosjektet. Prosessane rundt dette trur eg vil gi eit større læringsutbytte av studiet mitt, og verdifull erfaring frå næringslivet som eg kan ta med meg seinare i livet.
 
Kristoffer: Same som Håkon. Eg ønsker også å lære meir om sal, noko som er ein svært viktig del av prosjektet vårt.
 
 


 
Kva forventingar har de til dei seks vekene som ligg framfor dykk no?
 
Håkon: Eg forventar å inngå ein avtale med ein samarbeidspartnar og sette opp ein MuntiBox i løpet av perioden. Eg har også lyst å få gjort grunnarbeidet før ein skalering av bedrifta kan starte i løpet av hausten. Vi har som mål å selje 10 einingar innan 2017, og for å sende dei ut i starten av 2018 må ein del logistikk vere avklart. Elles forventar eg å ha det veldig kjekt i løpet av sommaren. Kristoffer og eg har allereie lagt opp til mange kule aktivitetar i fylket, som til dømes Våt Morro og ActiveLoen.
 
Kristoffer: Eg trur at det å jobbe i Sogn og Fjordane over sommaren kjem til å gi oss eit nytt perspektiv på prosjektet vi jobbar med, og eg er spent på å møte mange flinke folk i tillegg til å oppleve alt som Sogn og Fjordane har å by på! 

 

 

Kva teknologi klarar de dykk ikkje utan?
 
Håkon: Eg likar å tru at eg ikkje er så avhengig av teknologi, men det stemmer nok ikkje. Det ville nok vere digital musikk. Spotify er ein gudegave.
 
Kristoffer: Macbooken min. Den er senteret i livet mitt.
 
  


Om de kunne ete middag med kven som helst, død eller levande - kven ville de invitert?
 
Håkon: Jesus. Ein meir innverknadsrik person tviler eg på at ein finn.
 
Kristoffer: Gautama Buddha verkar som ein veldig roleg og triveleg type med god innsikt i det meste.
 

 


Kva snakkar de om rundt middagsbordet? 
 
Håkon: Eg tek med tre flasker vatn, så kan jeg blindteste dagens vin mot Jesus sin vin. Deretter testar vi dagens teknologi: Segway, droner, mobilar. Blir Jesus overraska? Eller er dette langt unna det han definerer som eit mirakel. Eg fortell han om korleis han har endra verdshistoria og om alt det fantastiske og forferdelige som har blitt gjort i hans namn. Vidare kan vi faktasjekke bibelen og rusle på vatnet i Førdefjorden.

Kristoffer: Om eit tre fell i skogen og ingen høyrer det, lager det då ein lyd?

 


De kan velje ei superkraft kvar - kva vel de og kvifor?
 
Håkon: Å Fly. Det hadde gitt meg utruleg mykje glede både som ein miljøvennlig transportmåte og eit utruleg underhaldande tidsfordriv. Andre superkrefter hadde nok freista meg til å bli vond.
 
Kristoffer: Å kunne transformere meg til dyr og andre menneske slik som i bokserien Animorphs. Tenk på alle moglegheitane.


 
Vi reiser fem år fram i tid. Kva gjer de på?
 
Håkon: Eg arbeider i ei bedrift saman med eit fåtal morosame og smarte menneske. Håpet er at Munti Magic har utvida seg til 20 tilsette og at vi har ein skalert og verdsomspennande bedrift som lagar gode produkt til fornøgde kundar. Eg vil ikkje lage dårlege produkt og tene gode pengar på det.
 
Kristoffer: Eg håper på å jobbe kreativt med teknologi saman med trivelege menneske og skape spennande løysingar og opplevingar til ein internasjonal marknad.


 

Fortsetjing følger

Så følg med på bloggen, facebook og instagram til Driftig der vi held deg oppdatert på Verdas Beste Sommarjobb og gründerlivet i Sogn og Fjordane.