Inkubator i Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Aksello samarbeider for å sikre eit heilskapleg tilbod til lokale gründerar og nyskaping i etablert næringsliv.
 

Kvifor inkubator?

For deg som er ny eller eksisterande næringsaktør i Sogn og Fjordane.
Som inkubatorbedrift får du gode innspel frå dyktige rådgjevarar, hjelp til finansiering, og nettverket og miljøet som du treng for å lykkast.
Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
 
Målgruppa er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.  

 
Kva tilbyr vi?

Alt du treng for å realisere din idé og ditt prosjekt.

  • Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø
  • Rådgjeving, kunnskap og erfaring innan forretningsutvikling
  • Moderne kontorfasilitetar med tilgang til trådlaust nettverk, skrivar, kopimaskin, skannar, møterom og kjøkken
  • Seminar, workshop og kurs
  • Eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer
  • Hjelp til å kontakte investeringsmiljøa
  • Kopling mot relevant næringsliv, samt relevante forskings- og utviklingsmiljø
  • Rettleiing innan immaterielt rettsvern (patent, varemerke, mønstervern osv.)


Kva ser vi etter?

Oppstartsbedrifter eller prosjekt som:

  • Har ein unik idé
  • Har stort vekstpotensial
  • Har behov for å vere i ein inkubator

 
Søkaren
må:

  • Ha ambisjonar på vegne av bedrifta/prosjektet
  • Vise vilje og evne til utvikling av bedrifta/prosjektet
  • Ha ei open haldning til tett samarbeid med inkubator og rådgjevarar
  • Vere villig til å dele av sin kunnskap og sitt nettverk med andre bedrifter/prosjekt i inkubatoren

 
Få fart på idéen din - bli med i inkubatoren vår!

Korleis gå vidare?

Send oss ei melding, så tek vi kontakt med deg for å snakke meir om korleis inkubatoren kan bidra til ditt prosjekt.

Kontaktskjema.
 

Inkubatorane i Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Aksello samarbeider for å sikre eit heilskapleg tilbod til lokale gründerar og nyskaping i etablert næringsliv.