Kurs i Sogn og Fjordane

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs gjennom året. Alle kursa er gratis og tilpassa ditt behov, enten du ønskjer eit kort introkurs eller eit komplett etablerarkurs.

 

Det er mogleg å delta på berre eit kurs, eller setje saman fleire kurs slik ein sjølv ønskjer.

Introkurset er på to timar og gir ein kort innføring i det å starte eiga bedrift og korleis ein kan få hjelp. Etablerarkursa gir ein djupare innføring skreddersydd ditt behov, og går over tre samlingar på totalt 16 timar. Vi tilbyr også kveldskurs på fire timar om aktuelle tema for næringslivet generelt. Døme på tema kan vere sosiale media, nettsidebygging, presentasjonsteknikk mm. Bruk gjerne kontaktskjemaet og send inn forslag til temakurs.

Har du lyst til å melde deg på eit kurs? Klikk deg inn på det kurset du synes ser spennande ut og finn påmeldinga der.