Korleis skaffe pengar til oppstart?

Her finn du informasjon om kvar du kan søkje finansiering til oppstart av bedrift.


Kommunale næringsfond

Du som nyetablerar bør først ta kontakt med den lokale fyrstelinetenesta i kommunen din. Kommunane disponerer eit lokalt næringsfond som skal nyttast til nyetableringar og mindre prosjekt. Søkjarar med etableringskostnader under 200 000 kr og investeringsbehov under 500 000 kr skal søkje om støtte hos dei kommunale næringsfonda, medan søkjarar med kostnader over desse beløpa skal søkje Innovasjon Noreg.

Offentlege tilskotsordningar vert lagt ut på Regionalforvaltning.


Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg har ei rekkje støtte- og finansieringsordningar for nyetablerarar. Dersom du ynskjer å søkje innovasjon Noreg om finansiering bør du ta kontakt med det lokale kontoret i fylket. Innovasjon Noreg har lokalar i Førde og på Leikanger. Hos dei vil du få vite om prosjektet ditt er aktuelt for finansiering, og kva støtteordning som er mest aktuelt for deg å søkje på.

I tidleg fase er det truleg mest aktuelt å søkje etablerartilskot hos Innovasjon Noreg. Før du søkjer hos Innovasjon Noreg må du registrere bedrifta di. Det kan du gjøre på Altinn.


Kultur

Har du eit spennande kulturprosjekt du treng finansiering til? Ta kontakt med den lokale fyrstelinetenesta i kommunen din. Eller søk om kunstnarstipend frå fylkeskommunen.


Sparebanken Vest Næringsfond

Sparebanken Vest har sett av eit eige fond til gode idear. Ved spørsmål, kontakt Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, les meir på deira heimeside, eller klikk på den grøne knappen under. Søknadsfrist 13.mars 2017.


Pre-såkornfond

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har etablert og forvaltar pre-såkornfond til investeringar i gode idear og bedrifter i tidleg fase.


Connect Vest

Connect Vest er ei non-profit medlemsforeining som hjelper gründerar og vekstselskap ved å kople dei mot kompetanse og kapital.



Dei offentlege næringsaktørane i Sogn og Fjordane har bidrege til ei oversikt over næringsretta verkemiddel. Oversikten er avgrensa til ordningane som er mest relevante for næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Dette er eit arbeidsdokument, som vil bli endra etter kvart som ny kunnskap om ordningar kjem til. Siste oppdaterte versjon er tilgjengeleg her, og fylkeskommunen har ansvaret for å oppdatere ho. 


Korleis skaffe pengar til vidareutvikling og produktutvikling? Sjå her.