Nettverksbygging

Dei urbane samfunna har utvikla arbeidsmåtar der forskarar, bedrifter, det offentlege og også ofte brukargrupper samarbeider for å skape nye og betre løysingar. I distriktssamfunn vert slike «klynger» gjerne ufullstendige og av og til dominerte av det offentlege.

Denne problemstillinga la fylkeskommunen og samarbeidspartar fram for innovasjonsforskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking i Sogndal. Dei har utvikla ei verktøykasse for dette arbeidet, med "sju råd for god nettverksleiing og fire øvingar for å etablere og fornye nettverk", forfatta av forskarane Jon Gunnar Nesse, Ingjerd Skogseid og Øyvind Heimset Larsen som del av det såkalla VRI-arbeidet i Sogn og Fjordane.

Verktøykassa har eit teoretisk fundament, men skal vere lett tilgjengeleg og ha relevans for både næringsaktørar og verkemiddelapparat.

Trykk på biletet for å komme direkte til rapporten.