Korleis skaffe pengar til vidareutvikling og produktutvikling?

Her finn du informasjon om kvar du kan søkje finansiering til vidareutvikling av bedrift.


Innovasjon Noreg

Få hjelp til utvikling av di bedrifta med tilskot, lån og garantiar. Ta gjerne kontakt med det lokale Innovasjon Noreg-kontoret før du søkjer om tilskot. Du kan du få tilgang til ein ekspert innan din bransje, som kan rettleie deg i søknadsprosessen.

Dersom du skal ut på den internasjonale marknaden kan du òg få rådgjeving av Innovasjon Noreg. Dei er ein global organisasjon, representert i meir enn tretti land. I land utan eige kontor, dreg Innovasjon Noreg vekslar på større internasjonale nettverk gjennom norske ambassadar.



Fjord Invest

Fjord Invest er eit investeringsselskap i Førde som investerer i lovande vekstbedrifter på Vestlandet. Dei forvaltar fire private eigenkapitalfond med ein totalkapital på om lag 400 millionar kroner.

Fjord Invest ser etter bedrifter med stort vekstpotensial og motiverte tilsette som treng ein støttespelar for å nå sine ambisjonar. Som aktiv eigar bidreg Fjord Invest med kapital og kompetanse. Saman med bedrifta vil dei skape konkurranse-dyrktige arbeidsplassar og verdiar for aksjonærane. 


Dei offentlege næringsaktørane i Sogn og Fjordane har bidrege til ei oversikt over næringsretta verkemiddel. Oversikten er avgrensa til ordningane som er mest relevante for næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Dette er eit arbeidsdokument, som vil bli endra etter kvart som ny kunnskap om ordningar kjem til. Siste oppdaterte versjon er tilgjengeleg her, og fylkeskommunen har ansvaret for å oppdatere ho. 


Korleis skaffe pengar til oppstart? Sjå her.