Kinn_kart.png
 
Kinn_kv.png

Kontaktperson:

Lone Bareksten

Stilling:

Dagleg leiar, Aksello

Telefon: 47 26 26 35

Kinn

Aksello er fylkesdekkjande inkubator og Kinn kommune si fyrstelineteneste. Aksello har tilbod både til nystarta og etablerte bedrifter, lokalt og regionalt.

Kinn kommune nyttar Aksello i arbeidet sitt med næringsutvikling. Aksello hjelper både deg som vil starte for deg sjølv og eksisterande bedrifter som ønskjer vekst og utvikling. Aksello kan møte deg både i Florø og Måløy. Gratis kontorplass og rettleiing er tilgjengeleg i ei oppstartsfase på inntil 3 månadar.

Du som gründer må vere førebudd på å jobbe mykje for å nå målet ditt. Aksello ønskjer å bidra til at du og din idé lukkast – og at de saman lukkast med auka vekst langs kysten.

Har du ein unik forretningsidé du vil utvikle?

  • Ynskjer du å starte di eiga verksemd?

  • Ynskjer du råd og rettleiing til korleis du bør gå fram?

  • Trenger du tips til korleis få midlar til å starte opp?

Svarer du ja på desse spørsmåla, er du på rett plass!

Aksello tilbyr etablerarar følgjande:

  • Rettleiing og bistand i vurderinga idéen din

  • Rettleiing i etableringsfasen til mellom anna kartlegging av marknaden, forretningsplan, kurs og finansiering

  • Kontorplass for gründerar og etablerarar – i eit opent landskap

  • Kontaktskaping og nettverk

Aksello forvaltar Kommunalt Næringsfond. Kontakt Lone på lone@aksello.no for meir informasjon, eller gå til Regionalforvaltning for å søke.

For hjelp til etablering i landbruket, kontakt rådgjevar Janne Midtbø, janne.midtbo@vagsoy.kommune.no, tlf 578 45 071 / 977 72 582.

Meir informasjon:


Les om tilboda i din kommune