Om fondet
I samarbeid med Sparebanken Norge og stiftinga deira Agenda Vestlandet, innvilger Hardanger og Voss Næringshage inntil 600.000,- til ein eller fleire mottakarar. Med dette vil dei nå ut til innovative verksemder og leiarar med spennande, nyskapande og berekraftige produkt, konsept og/eller forretningsmodellar - og med dét motivere endå fleire til å satsa.
Kven kan søkja? Geografisk nedslagsfelt
Gründerar og etablerte verksemder med forretningsadresse i Voss, Kvam, Ullensvang, Eidfjord eller Ulvik.