Kven kan du kontakte?

Klikk på kommunen din for å finne ein rådgjevar nær deg.

Den første du bør kontakte når du vil starte eller utvikle eiga verksemd eller eit prosjekt er dei som arbeider med næringsutvikling i kommunen din.


Finn gründermiljø og folk med kompetanse tilpassa behova dine

Ynskjer du å treffe fleire gründerar, idéskaparar, entreprenørar eller rådgjevarar i fylket vårt? Desse miljøa kan vere ein viktig ressurs for prosjektet ditt i oppstartfasen. Desse miljøa kan hjelpe deg med utvikle nettverk, finne kontorplass, få finansiering, rådgjeving og kompetanseheving.

Inkubator - Næringshage - Gründermiljø


Vekst- og gründertelefonen - lyst å sparre med nokon om ideen din?

Du kan ringe Vekst- og gründertelefonen for å diskutere idèen din. Vekst- og gründertelefonen er eit gratis tilbod frå Innovasjon Noreg. Telefonen er ope frå måndag til fredag mellom kl 09.00 og 15.00.