Næringshagar

Ein næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedriftsrådgiving, hjelp til utvikling av forretningsidé, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver til ein subsidiert kostnad. Næringshagen skal vere ein aktiv tilbydar og tilretteleggar av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt vere ein attraktiv møteplass og samhandlingsarena for verksemdene. Ei av dei viktigaste oppgåvene for næringshagane er å koble verksemdene til relevante fagmiljø, FoU-miljø, andre innovasjonsselskap, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat.

Finn din næraste Næringshage

Tidl. Nordhordland Næringshage AS og Gulen og Masfjorden Næringshage AS

Går du med ein god ide du vil realisere, eller har din bedrift vekstpotensiale? Klar Bedrift arbeider med innovasjon og verdiskaping for både nye og eksisterande bedrifter.

Base i Sløvåg, Solund, Nordhordland, Gulen og Hyllestad.

Næringshagen i Ullensvang er eit vekst- og innovasjonsselskap som jobbar med næringslivet for auka nyskaping, vekst og utvikling. Næringshagen bidrar med blant anna rettleiing, prosjekleiing, marknadsføring, nettverksbygging og tiltak for kompetanseheving.

Aksello held til i Kinn kommune, og er eit inkubator- og næringsutviklingsselskap som bidreg til å skape og sikre arbeidsplassar gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

Gulen og Masfjorden Utvikling arbeider med etablering av nye verksemder i kommunane Gulen og Masfjorden. Dei jobbar òg med ulike fellestiltak for regionen og å synleggjere tilboda i regionen.

Sognefjorden Næringshage held til i kommunane Aurland og Sogndal. Dei arbeider med nettverk, arrangement og prosjekt. Tilbyr møterom og kontorlokale.

Medvind24 Næringshage legg til rette for nyskaping og vekst i eksisterande næringsliv i Etne og Vindafjord. Dette gjer dei gjennom rådgjeving, prosjektleiing, kompetanseheving, nettverksbygging, samlokalisering og kommunikasjonsarbeid gjennom eigen nyhendekanal.

Kunnskapsparken i Vestland held til i kommunane Sogndal og Sunnfjord, og tilbyr rådgjeving, kompetanseheving, nettverk og møteplassar til gründerar og etablert næringsliv. Tilbyr møterom og kontorlokale.

Den regionale Næringshagen i Hardanger AS bind, som Hardangerbrua, saman Hardanger til eitt nærings- og vekstområde. Vil du starta noko nytt, eller utvikle eksisterande verksemd, kan du få hjelp frå Næringshagen i Hardanger! Hjelper til med å utvikle forretningsplanar, nettverk og møte- og kontorlokale.

Næringshagen på Voss tilbyr rådgjeving, kompetanseheving, nettverk og møteplassar innan ei rekkje fagfelt til gründerar og etablert næringsliv. Tilbyr møterom og kontorlokale.

Næringshagane i Nordfjord er eit samarbeid mellom Stryn- og Nordfjordeid Næringshagar – to kommersielle ressurssenter og kompetansenettverk – med føremål om å fremje vekst og positiv utvikling av næringsliv og samfunn.

Nordfjord Virtuelle Campus er ein fysisk arena og eit virtuelt knutepunkt. Inviro tilbyr bedrifter i alle livsfasar tenester knytt til bedriftsrådgiving, utvikling av forretningsidéar, utviklingsarbeid, strategi- og marknadsplanlegging og andre utviklingsrelaterte oppgåver i Nordfjord, deler av Sunnfjord og Søre Sunnmøre.


SIVA

Siva har operatøransvaret for næringshageprogrammet. Programmet vart starta i 2012 og varer ut 2022. I 2020 overtok fylkeskommunen oppdragsgjevaransvaret frå staten.

Gjennom næringshageprogrammet bidreg Siva med 1,4 – 2,5 millionar kroner i årleg tilskot som kvar næringshage nyttar til å utvikle verksemder. Næringshagane får òg tilgang til utdanningsprogram, kurs, nettverksarenaer, metodikk, malar og beste praksis for forretningsutvikling og kommersialisering.


Vekst- og gründertelefonen - lyst å sparre med nokon om ideen din?

Du kan ringe Vekst- og gründertelefonen for å diskutere idèen din. Vekst- og gründertelefonen er eit gratis tilbod frå Innovasjon Noreg. Telefonen er ope frå måndag til fredag mellom kl 09.00 og 15.00.