Gründermiljø

Finn gründermiljø og folk med kompetanse tilpassa behova dine

Ynskjer du å treffe fleire gründerar, idéskaparar, entreprenørar eller rådgjevarar i Vestland? Desse miljøa kan vere ein viktig ressurs i oppstartfasen av prosjektet ditt. Gründermiljøa kan hjelpe deg med å utvikle nettverk, finne kontorplass, få finansiering, rådgjeving og kompetanse.


PEAK Sunnfjord er eit nytt og dynamisk kontorfellesskap for gründarar, oppstartselskap, etablerte teknologibedrifter og verkemiddelapparatet, i sentrum sør midt i Førde i Sunnfjord.

Bjørnefjorden gründerpark er eit entreprenørskapssenter midt i Os sentrum og i Eikelandsosen, laga for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor.

FuS er kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal. FuS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte. Du får tilgang til rådgjevarar, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, og sjølvsagt kontorfasilitetar og møterom. I retur ønskjer FUS at alle deltek i fellesskapet, er dedikert og arbeider målretta.

Gründerparken Vest ynskjer å utvikle eit inkubatormiljø og kompetansesenter som består av etablerte, livskraftige og samfunnsengasjerte næringar. Føremålet er å auke innovasjonen for levedyktige verksemder som vil kunne gi arbeidsplassar og auka skatteinntekter for den nye storkommunen. Gründerparken Vest har et tett samarbeid med Nyskapingsparken/BTO i Bergen.

Social Impact Lab er nettverksarena og fagmiljø for sosialt entreprenørskap og held til i Engen 30 i Bergen. Social Impact Lab arbeider for å gjera vegen frå idé til realisering enklare for sosiale entreprenørar, med fokus på å bidra til ein meir berekraftig utvikling. Social Impact Lab støttar særleg gründerane som har løysingar innan helse, inkludering og miljø.

PEAK Florø er eit kontorfellesskap midt i sentrum av Noreg sin vestligaste by, Florø, og er ein del av PEAKSPACE-nettverket. Kontorfellesskapet består av fleire typar verksemder og aktørar; både teknologisk retta startups og små- og mellomstore verksemder i tillegg til tradisjonelle aktørar frå lokale industrinæringar og bransjar i regionen.


Vekst- og gründertelefonen - lyst å sparre med nokon om ideen din?

Du kan ringe Vekst- og gründertelefonen for å diskutere idèen din. Vekst- og gründertelefonen er eit gratis tilbod frå Innovasjon Noreg. Telefonen er open frå måndag til fredag mellom kl 09.00 og 15.00.