Inkubatorane i Vestland

Det er eit rikt tilbod av ulike inkubatorar i Vestland. Som del av ein inkubator får du hjelp til finansiering, eit nettverk med andre verksemder i inkubatoren og eit godt miljø til å veksa og lukkast i. Inkubatorane er ulike og tilbyr forskjellige tjenester. Ta kontakt med dei og finn ut kva dei kan gjere for akkurat deg!

I inkubatoren til Aksello i Kinn kommune får lokale gründerar og etablerte verksemder tilgang til eit sosialt og fagleg miljø med nyskaping og vidareutvikling i fokus. Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.

Startuplab er en teknologi-inkubator for gründere med ambisjon om å bygge internasjonale teknologiselskaper ut fra Norge. I inkubatoren bidrar vi med å finne en forretningsmodell som fungerer, og er behjelpelig med å koble oppstartsselskapene med investorkapital og relevant nettverk. Vi er bransjeagnostisk, og har jobbet med selskaper som Kahoot, Remarkable, Tise, Huddly og Ardoc.

VIS Nyskapingsparken ligg på Marineholmen i Bergen og er ein inkubator for gründerar og nystarta verksemder med vekstpotensial og høg grad av innovasjon. Her får du den beste mentoren i bransjen din og tett oppfølging frå erfarne forretningsutviklarar.

Atheno Inkubator held til på Stord og har utspring frå industrien i Sunnhordland, men er som næringslivet elles i konstant utvikling. Difor har inkubator i dag deltakarar frå ulike bransjar. Atheno hjelper til med å identifisere innovative idèar og bidra til å vidareutvikle og kommersialisere desse til nye selskapsetableringar.

Eitri Medisinsk Inkubator er ein målretta, heilskapleg og koordinert innsats mellom UiB, Helse Bergen, og helsenæringa. Målet er å kunna bidra til auka konkurranseevne for selskap innan medisin og helse, og behandlings- og prosessforbetringar i helsevesenet.

Senteret tek sikte på å tilby eit miljø der studentar, forskarar, klinikarar og gründerar enkelt kan interagere og stimulera kvarandre, utveksla idear og dra nytte av kvarandres ekspertise for auka innovasjon og skaparglede.

Hjå Kunnskapsparken i Vestland som held til i Sogndal og Førde får oppstartverksemder i tidleg fase hjelp til forretningsutvikling. Inkubasjonsprogrammet skal skape konkurransedyktige verksemder og auke nasjonal verdiskaping. Gründerar og verksemder i inkubasjon får kontorplass, kursing og rådgjeving slik at dei raskt kan gå frå idé til kommersialisering.

Industriutvikling vest held til i Alver kommune. Hjå dei får du rettleiing og forretningsutvikling tilpassa behovet ditt med fokus på produktutvikling, økonomi, sal, marknadsføring, kvalitetssikring, patenter, tilgong til relevante nettverk, profilering og kunnskap om økonomiske støtteordrningar.


Som del av ein inkubator får du hjelp til finansiering, nettverk med andre verksemder i inkubatoren og eit godt miljø til å vekse og lukkast i

Målgruppa for inkubatorane er nyskapande gründerar og verksemder med vekstpotensiale.  

Som del av ein inkubator kan du forvente å få:

  • Det du treng for å realisere idéen og prosjektet ditt

  • Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø

  • Rådgjeving, kunnskap og erfaring innan forretningsutvikling

  • Moderne kontorfasilitetar med tilgang til trådlaust nettverk, skrivar, kopimaskin, skannar, møterom og kjøken

  • Seminar, workshop og kurs

  • Eit nettverk av gode samarbeidspartnarar og mentorar

  • Hjelp til å kontakte investeringsmiljø

  • Kopling mot relevant næringsliv, samt relevante forskings- og utviklingsmiljø

  • Rettleiing innan immaterielt rettsvern (patent, varemerke, mønstervern osv.)


Kven kjem gjennom nålauga?

Søkjaren må gjerne:

  • Ha ambisjonar på vegne av verksemda og/eller prosjektet

  • Vise vilje og evne til utvikling av verksemda og/eller prosjektet

  • Ha ei open haldning til tett samarbeid med inkubator og rådgjevarar

  • Ha vilje til å dele av kunnskap og nettverk med andre verksemder og/eller prosjekt i inkubatoren

Oppstartverksemder eller prosjekt som:

  • Har ein unik idé

  • Har vekstpotensial

  • Har behov for å vere i ein inkubator

 

Få fart på idéen din - ta kontakt med ein inkubator!