Å selje idéen sin kan vere skremmande, men eit salskurs kan gi deg sjølvtilliten du treng før eit viktig salsmøte. Det erfarte Kristoffer og Håkon frå Verdas Beste Sommarjobb denne veka her.

Driftig salsworkshop.jpg

Munti Magic går inn i ein spennande periode der kritiske salsmøte står sentralt og vil vere avgjerande for korleis selskapet si framtid vil sjå ut. Som førebuing til salsmøta fekk Kristoffer og Håkon eit salskurs hos Aksello i Florø. Kurset var i regi av Norsk Selgerutvikling v/Atle Jarl Trettevik.

 

Manglande salsfokus

Under kurset var Kristoffer, Håkon og Atle Jarl samde i at sal og salstrening har for lite fokus i entreprenørskapsutdanninga.

-    Mange gründerar brukar lang tid på å utvikle eit perfekt produkt, men om du ikkje klarar å formidle det til kjøparen kjem ein ikkje langt, meiner Håkon.

Dette var eit godt utgangspunkt for ein intensiv, effektiv og fruktbar workshop for å førebu innovasjonscowboyane på framtidige salsmøte. 

 

Praktisk tilnærming og rollespel

Workshopen hadde ein praktisk tilnærming der Munti Magic sitt produkt Munti Box blei brukt i ulike eksempel og metodar. Mellom anna eit rollespel der Atle Jarl og prosjektleiar for Verdas Beste Sommarjobb Allan Madsen spelte kundar, medan Håkon og Kristoffer skulle selje produktet sitt til dei.

- Det var spesielt interessant då vi skulle øve oss på å svare på reelle innvendingar ein potensiell kunde kan ha. Det var litt kunstig i starten, men vi fekk skikkeleg dreisen på det etter kvart, fortel Kristoffer.

Vidare tok kurset føre seg førebuingsteknikkar, behovsanalyse, avslutningsmetoder og behandling av kjøpssignal.

-  No skal vi ut i kundemøter med ein framoverlent haldning og ta i bruk nyttige metoder slik at vi får effektive salsmøter med klare resultat, melder gründerane etter fullført kurs. 

 

Driftig.no ynskjer å takke:
Aksello AS som sponsa salskurset og Atle Jarl Trettevik frå Norsk Selgerutvikling for regien.