No kan du søkje Etablererfond om inntil 50 000 kr til å gjennomføre nødvendige tiltak i oppstartsfasen

Er du heimehøyrande i Bergensregionen, Sunnhordaland eller Hardanger? Er du gründer i oppstartsfasen eller vurderer du å starte ny verksemd? Har du starta bedrift i 2019 eller seinare?

Då kan du søkje støtte frå Etablererfondet.

Kva du må vite om Etablererfondet

etablerersenteret-business-factory-cecilie-bannow-all-rights-reserved-8923.jpg
  • Støtta skal gje deg høve til å skaffe deg kompetanse om marknad og økonomi.

  • Etablererfondet følger “førstemann til mølla”-prinsippet, og har ingen søknadsfrist. Ver tidleg ute med å søkje om støtte.

  • Støtta gjeld for deg som skal registrere verksemda di i Bergensregionen, Sunnhordaland eller Hardanger. For resterande kommunar i Vestland gjeld kommunale næringsfond. Kommunale næringsfond er til politisk handsaming 16.april, og meir informasjon vert tilgjengeleg etter dette.

  • Etablererfondet kjem frå Vestland Fylkeskommune. 

Slik søker du

Du sender søknad elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no

Dersom du har organisasjonsnummer skal du registrere deg som organisasjon. Om du ikkje har oppretta eit føretak enno, skal du registrere deg som privat. Når du har logg adeg inn kjem du til det som heiter “Startside søker”.