Korleis skaffe pengar til oppstart?

Du som nyetablerar bør først ta kontakt med det lokale næringsapparatet i kommunen din. Kommunane disponerer eit lokalt næringsfond som skal nyttast til nyetableringar og mindre prosjekt. Søkjarar med etableringskostnader under 200 000 og investeringsbehov under 500 000 skal søkje om støtte hjå dei kommunale næringsfonda, medan søkjarar med kostnader over desse beløpa skal søkje Innovasjon Noreg.

Innovasjon Noreg har ei rekkje støtte- og finansieringsordningar for nyetablerarar. Dersom du ynskjer å søkje Innovasjon Noreg om finansiering bør du ta kontakt med det lokale kontoret i fylket. Innovasjon Noreg har lokaler både i Førde og på Leikanger. Hjå dei vil du få vite om prosjektet ditt er aktuelt for finansiering, og kva støtteordning som er mest aktuelt for deg å søkje på.

I tidleg fase er truleg etablerartilskota mest aktuelt. Søknader vert handsama fortløpande hjå lokalkontoret i det fylket du har registert adressa til bedrifta di i. Du får deretter tildelt ein lokalt ekspert avhengig av kva type bransje du opererer i. Einaste krav er at du allereie har registert bedrifta di.

etablerartilskotet til Innovasjon Noreg.

Regionalforvaltning.no

Her finn du informasjon om, og kan søkje, dei aller fleste offentlege finansieringsordningane i Norge.

Andre tilskot
Sparebanken Vest har sett av eit eige fond til gode idear med handsaming av søknader kvart kvartal.

Les meir om Næringsstifting Sogn og Fjordane her.


Korleis få pengar til vidareutvikling og produktutvikling

Har du eit etablerarkostnadsbehov over 200 000 kroner og eit investeringsbehov over 500 000 kroner kan du kontakte Innovasjon Noreg.

Er du allereie etablert så tilbyr Innovasjon Noreg hjelp til utvikling av bedrifta med både tilskot, lån og garantiar. Du kan gjerne ta kontakt med det lokale kontoret før du søkjer om tilskot. Du vil få tilgang til ein rådgjevar som er ekspert innan din bransje, og han vil rettleie deg så de saman kan finne ut kva tilskot, lån eller garantiar som er mest relevant for bedrifta di.

Tilsette og bransjeansvarlege ved Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
Oversikt over lån, tilskot og garantiar som Innovasjon Noreg gjev

Fjord Invest
Fjord Invest er eit investeringsmiljø i Førde som skal gjere aktive investeringar i såkorn- og vekstselskap. Fjord Invest forvaltar fire private eigenkapitalfond med ein totalkapital på omlag 400 millionar kroner.

Innovasjon Noreg tilbyr meir enn berre økonomisk hjelp
Innovasjon Noreg bidreg til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Noreg er ein global organisasjon som er representert i fleire enn tretti land. I land utan eige kontor, så dreg Innovasjon Noreg vekslar på større internasjonale nettverk gjennom Noregs ambassadar. Innovasjon Noreg er representert i alle fylka, og i Sogn og Fjordane er det totalt 22 tilsette med kontorstad i Førde og Leikanger.

Mottoet til Innovasjon Norge er “Vi gir lokale idear globale mulegheiter”. Kontakt Innovasjon Noreg så vert du kopla mot rett ekspertise som bidreg til å finne dei beste løysingane for bedrifta di.