• Quality hotell Sogndal (map)
  • Gravensteinsgata 5
  • 6856 Sogndal

Kurset går over tre samlingar

  • 27. oktober - frå kl. 17-21
  • 3. november - frå kl 17-21
  • 18.-19. november - frå kl 17-20 den 18.november og 9-14 den 19.november

Etablerarkurs byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.

Kurset gir ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Kvar deltakar får tilbod om individuell oppfølging.

Kursa er utvikla av Innovasjon Norge og fylkeskommunen i samband med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, næringsselskap og kommunar, og kostar ingenting for deltakarane!

Innhaldet på samlingane kan du lese meir om her.

Dato og tid for etablerarkursa i 2016 kan du sjå her.