Nye kurs i Inn på tunet-godkjenning

hausten 2017

  • Stad: Sogndal eller Aurland
  • Oppstart: 27.okt kl. 09:00 - 15:30 (totalt to heile dagar)
  • Pris: 4000 kr (ikkje medl.) / 3100 kr (medl. i Norsk landbruksrådgjeving)

Ønskjer du å bli godkjend Inn på tunet-tilbydar? Dette kurset hjelper deg mot målet.

"Inn på tunet" er eit beskytta varemerke som berre dei som er godkjende tilbydarar, kan marknadsføre seg med. 

Innovasjon Norge set også som vilkår ved etablerar- eller investeringsstøtte at tilbydar skal vere godkjend eller bli godkjend som IPT-tilbydar før dei får tilsegn om støtte til si bedriftsetablering.

Det er Norsk landbruksrådgjeving (NLR) som gjennomfører kursa.

Kurset passar også for dei som kjøper eller ønskjer å kjøpe Inn på tunet-tenester for å få innblikk i kva som ligg i ei godkjenningsordning for Inn på tunet.

Ønskjer du å melde deg på?

Påmelding skjer til kurshaldar Kolbjørn Taklo, tlf: 913 96 560 eller på e-post kolbjorn.taklo@nlr.no. Du kan også melde deg på via heimesidene til NLR.

Denne informasjonen er henta frå Fylkesmannen si heimeside.