Velkommen til reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav

er den store reiselivskonferansen for reiselivsaktørar i Sogn og Fjordane. Konferansen blir arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge Vestland.

Årets konferanse, 5.-6. november på Hotel Alexandra i Loen, vil ha eit variert, lærerikt og inspirerande program med innlegg og foredrag der hovudfokus er på "Heilårsturisme - gode opplevingar året rundt".

Vi veit at mange reiselivsaktørar ønskjer å lære og bli inspirert av andre aktørar i næringa. Difor gler vi oss stort til innlegg og foredrag av mellom anna;
- Trysil Bikearena
- Den Gylne Omvei
- Cornelius Sjømatrestaurant
- Juvet Landskapshotell
- Loen Skylift

Du får innlegg og foredrag frå verksemder, både i fylket og utanfrå fylket, som gjennom attraktive opplevingar har vist at dei "får det til". Dei vil dele sine meiningar om suksessfaktorar med fokus på løysingar. I tillegg til mange konkrete foredrag frå aktørar i næringa, blir det viktige faglege innlegg og gode inspirasjonsforedrag, mellom anna frå globetrottaren Gunnar Garfors frå Nausdal.

Fjordane frå bre til hav-konferansen har tre overordna føremål:
• Formidle kunnskap
• Inspirere til vekst og utvikling
• Leggje til rette for nettverksbygging