Samarbeidskonferansen er ein årleg konferanse for deg som jobbar med næringsutvikling i ein kommune, eit regionråd, eller i ein organisasjon som har samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune. På konferansen koplar vi menneske og kompetanse på tvers av sektorar og kommunegrenser for å stå sterkare saman om nyskaping i Vestland.
Tema for årets konferanse
På Samarbeidskonferansen 2025 skal vi innom fleire breie tema:
Omstilling – alle snakkar om det, men korleis gjer vi det?
Regionen vår står overfor store endringar. Klimakrise, teknologisk utvikling og skiftande marknader krev at me tenkjer nytt og handlar annleis. Omstilling er naudsynt, men korleis får me det til i praksis?Attraktiv region – kven vi er, og kvifor nokon skal velje oss?
Kva er din region kjend for? Særpreg, sterke sider og unike kvalitetar har enorm betydning for evna til å tiltrekkja seg folk og investeringar.
Saman om nyskaping i Vestland – nyskaping skjer i mellomromma
Mellomromskompetanse handlar om å sjå problem, moglegheiter og skape løysingar i glipene mellom eksisterande tenester. Vi vender blikket mot krafta i fellesskapet – framtida krev samarbeid på tvers. Me utforskar korleis samhandling kan frigjera potensial og ruste regionen for det som kjem.