Workshop om teknologi for framtidig frukt- og bærproduksjon, relevant for dyrkarar på Vestlandet

24. mai 2022, Leikanger, Sogndal, Vestland. Kl 11-15
25. mai 2022, Lærdal, Lærdal, Vestland. Kl. 10-15

Framsteg i robotikk, stordata, samt plantevitskap og teknologi, har potensiale til å gjere betre dyrkingssystem for frukt- og bærproduksjon mogleg.

Den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og aktueringssystem med ulik grad av autonomi, som vil gje fordelar i form av redusert miljøpåverknad, betre kvalitetskontroll, lågare lønnskostnader, redusert produksjonsavfall og meir effektive verdikjeder.

For å utforske dagens status for slike teknologiar og relevansen for Vestlandsdyrkarar, ønskjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking i samarbeid med lokal industri, deg velkommen til å vere med på ein to-dagars workshop i Leikanger og Lærdal.

24. MAI, LEIKANGER
11:00 Lunsj
11:45 – 15:00

Inviterte innleiarar fra Nibio, Wageningen University, Fieldwork Robotics, Agdir, Sogn Frukt og Grønt, PicknCarry, Njøs Frukt- og Bærsenter, Farmable ...

15:00 – 17:00 Opning av RoboVest testanlegg, Njøs frukt og bærsenter
17:00 Middag

25. MAI, LÆRDAL
10:00 – 15:00
Besøk til dyrkarar og pakkeri, Sogn Frukt og Grønt. Dialog og idédugnad