• Nordfjord Hotell (map)
  • Sandplassen 1
  • 6770 Nordfjordeid

Temakurs i økonomi og rekneskap

  • Dato: 18.oktober kl. 16:30-20:30
  • Stad: Nordfjord Hotell på Eid 
  • Pris: gratis

Målet med kurset er å auke økonomiforståinga og gje nokre verktøy inn i arbeidet med å skape oversikt og planlegge økonomien i bedrifta.

Korleis arbeider vi oss gjennom kurset:

Vi vekslar mellom presentasjonar og praktisk arbeid med eigen forretningsidé/bedrift. Vi viser døme på reknearkmodellar som vi kan nytte i eige arbeid. Og så legg vi opp til mykje dialog og lufting av eigne problemstillingar slik at kurset vert mest muleg praktisk retta for deltakar.

Innhald:

Kurshaldar kan tilpasse kurset i høve deltakarane. Døme på tema vi er innom:

  • Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse
  • Analyse av rekneskapet
  • Viktige nøkkeltal
  • Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett
  • Kva må vi førebu til rekneskapsførar
  • Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om
  • Kort om mva, skatter og avgifter
  • Korleis leitar vi etter forbetringar
  • Måle forbetringar
  • Kva faresignal skal vi sjå etter
  • Ulike selskapsformer

Korleis førebur du deg:

Alle påmelde vil bli kontakta av kursleiar kort tid før kurset. Ta med skrivesaker og  gjerne bærbar PC. Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.

Kursleiar: Ronny Mowatt frå Mentor AS