Forretningsmodell - Osterwalder

Alexander Osterwalder (m.fl.) har utarbeida eit forretningsmodelleringskonsept som nyttar ei enkel og visuell tilnærming til det å kartleggje og utforme ein forretningsmodell.

Forretningsmodellen består av ni blokker som syner logikken bak måten eit selskap ynskjer å tene pengar. Desse ni blokkene dekkjer fire hovudområde innad i forretningsdrifta: Kundar, marknadstilbod, infrastruktur og finansiell struktur. For å nytte denne modellen i praksis kan det vere lurt å printe ut modellen, gjerne i mange eksemplar, og deretter nytte post-it-lapparsom du heng på modellen. 

Du kan skrive ut modellen frå denne sida.

Meir om forretningsmodellen

Hent meir informasjon frå nettsida om BusinessModelGeneration, og last ned dei første 72 sidene av boka gratis. Innovasjon Norge nyttar dette verktyet i møte med nye og etablerte bedrifter. Det kan derfor vera lurt at du så tidleg som mogeleg nyttar denne måten å skildre og utforme forrestningsmodellen din.

Du vil då få eit godt utgangspunkt når du skal forklare konseptet ditt i møte med dei som kan bidra med rådgjeving og rettleiing i utviklinga av deg og bedrifta di.Klikk på elementa i modellen under for å få fram meir informasjon om dei ni blokkene.

Sjå seks videosnuttar om Business Model Canvas.