Korleis skaffe pengar til vidareutvikling og produktutvikling?

Her finn du informasjon om kvar du kan søkje finansiering til vidareutvikling av verksemda di.


Innovasjon Noreg

Få hjelp til utvikling av verksemda di med tilskot, lån og garantiar. Ta gjerne kontakt med det lokale kontoret til Innovasjon Noreg før du søkjer om tilskot. Hjå dei kan du få kontakt med ein ekspert innan bransjen din som kan rettleie deg i søknadsprosessen.

Dersom du skal ut på den internasjonale marknaden kan du òg få rådgjeving av Innovasjon Noreg. Dei er ein global organisasjon med representasjon i meir enn tretti land. I land utan eige kontor har dei høve til å dra vekslar på større internasjonale nettverk gjennom norske ambassader.



Fjord Invest

Fjord Invest er eit investeringsselskap i Førde som investerer i lovande vekstbedrifter i Vestland. Dei forvaltar fire private eigenkapitalfond med ein totalkapital på om lag 400 millionar kroner.

Fjord Invest ser etter verksemder med stort vekstpotensial og motiverte tilsette som treng ein støttespelar for å nå ambisjonane sine. Som aktiv eigar bidreg Fjord Invest med kapital og kompetanse. Saman med verksemda vil dei skape konkurransedyktige arbeidsplassar og verdiar for aksjonærane. 


Dei offentlege næringsaktørane i Vestland har bidrege til ei oversikt over næringsretta verkemiddel. Oversikten er avgrensa til ordningane som er mest relevante for næringsutvikling i tidlegare Sogn og Fjordane. Siste oppdaterte versjon er tilgjengeleg her. Fylkeskommunen har ansvaret for å oppdatere dokumentet. 


Korleis skaffe pengar til oppstart? Sjå her.