Søk draumejobben på Framtidsfylket Karrieremesser 2019!

-          Og få det gode livet «på kjøpet»…

 

Visste du at Sogn og Fjordane har eit yrande næringsliv og gode ordningar for dei som vil starte for seg sjølv? Driftig utfordrar deg til å besøke karrieremessen til Framtidsfylket i Oslo, Trondheim eller Bergen og la deg overraske over alle dei spanande moglegheitene i fylket.

Kva om du fekk vite at draumejobben i Sogn og Fjordane i tillegg gjer det mogleg å leve draumelivet?

Ved sida av ei interessant jobb er det kort veg til fjell og fjord, og dei storslåtte naturopplevingane kjem tett. Arbeidsgivarar i Sogn og Fjordane lever det gode livet sjølv. Dei veit kvifor sine tilsette har valt Sogn og Fjordane: her kan du kombinere ein spanande jobb med fri tilgang på naturopplevingar og leve det livet du ønskjer.

På Karrieremessene kan du også møte gründerar som har starta for seg sjølv i Sogn og Fjordane. Å lukkast som gründer er hardt uansett kvar du startar opp. Men i Sogn og Fjordane har vi verktøya til å hjelpe deg, og dei gode hjelparane er tilgjengelege for deg. Alle får hjelp! Kanskje spesielt viktig er denne bodskapen til dei som har lokale ambisjonar og ikkje passar inn i Innovasjon Noreg sine program.

Bedrifter og gründerar står klare til å ta imot nettopp DEG på karrieremessa i Oslo, Trondheim og Bergen. Kom innom for ein uformell prat eller sikt deg inn på dei bedriftene du er spesielt nysgjerrig på.

Les meir og meld deg på messa i Oslo, 26.januar

Les meir og meld deg på messa i Trondheim, 31.januar

Les meir og meld deg på messa i Bergen, 13.februar

 

Eg håper å sjå deg der,

Helsing frå Ingvild i Driftig (opphavleg frå Østlandet, men konverterte til Vestlending i 2015)

Bilete er frå Gründertorget på Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen, 2018. Underteikna er nummer tre frå høgre.

Bilete er frå Gründertorget på Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen, 2018. Underteikna er nummer tre frå høgre.