Vil du bli del av eit skapande nettverk og leikent kontorfelleskap med flinke folk?  

På Fosshaugane Campus i Sogndal finn du FUS – eit kontorfellesskap med mange moglegheiter. Du kan kalle det eit gründerfellesskap, som også opnar for etablerte bedrifter. Lokalet inviterer til nyskaping med sin kreative utforming og opplegg for sosiale møtepunkt.

Samarbeid i Sogn

«FUS kjem frå det norrøne verbet fŷsa, som betyr å skynde seg (jfr. norsk å fuse), samt adjektiva fus (å vere fus på noe), fysen og framfus, som betyr å vere lysten, ivrig eller villig,» forklarar Lisbeth Bringebøen, rådgjevar i utviklingsselskapet Sogn Næring. Det er ho, og Joakim Systaddal frå Balestrand kommune Driftig møter i dag. Samarbeidet mellom kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand vart formalisert i ein intensjonsavtale for ei god tid tilbake. No jobbar dei for å gjere FUS til ein attraktiv stad for gründerar og etablert næringsliv i Sogn. «Intensjonsavtala ligg i botn. Vi skal verte ein kommune i løpet av halvanna år, og ser stor nytte av å samordne aktivitet allereie no for å kunne tilby enda betre tenester i fellesskap,» seier Systaddal, som jobbar med nærings- og samfunnsutvikling i Balestrand.

- I tillegg finn du snart ein FUS-hub i Balestrand, ei miniutgåve av kontorfelleskapen. Bedrifter hos FUS-Sogndal kan dermed få kontormoglegheiter i Balestrand, og motsett, ved behov, seier Systaddal.

Eit bygg som samlar hjelparar og skaparar

FUS i Sogndal ligg i 1.etasjen på innovasjonsbygget som er direkte knytt til Stadionbygget. I etasjen over held dei gode hjelparane til: Innovasjon Noreg, Kunnskapsparken og Sogn Næring. Det er dei to sistnemnte som eig og driftar FUS. Her er mange ressurspersonar å spørje om råd og rettleiing, og hjelp til å navigere i dei ulike støtteordningane. «Soleis er det ein perfekt startplass for ein gründer,» seier Bringebøen. «Vi ynskjer å strekke oss langt for å hjelpe gründerar og etablert næringsliv ved å bidra til kompetanseheving, møteplassar og fasilitere dei prosjekta dei treng og ynskjer for å løfte verksemdene sine, fortset ho. Saman med Systaddal har ho nettopp utvikla startpakka dei kallar FUS STUP.

FUS STUP – for bedrifter i startgropa

Frå hausten av kan gründerar og nyetablerte bedrifter melde seg på startpakka FUS STUP. Programmet varer i ein månad og tilbyr ei rekke aktivitetar i denne perioden som skal gje deg ein god start. Etter dette kan verksemdene velje å verte verande og vidareutvikle seg i lag med miljøet på FUS og hjelparane rundt.

FUS arrangerer aktivitetar for dei ordinære medlemsbedriftene også. Mellom anna er intensjonen til FUS å arrangere to foredrag i veka. Desse er opne for alle..

Ønsker fleire sponsorar frå næringslivet

«Kva meir vil de seie om FUS?»  Svaret er ei klar oppmuntring til næringslivet om å engasjere seg. «Det er mange måtar å bidra på, og oppgåva til FUS er å bygge samfunnet, då treng vi samhandlingsprodukt. FUS tilbyr eit utviklingsmiljø – vi tilbyr etablert næringsliv å vere med på dette. Humankapitalen av å få etablert næringsliv til og av og til vere i miljøet er like mykje verdt som husleiga dei bidreg med.  Jo meir vi får til dette, jo lettare er det å skapa gode arrangement, nyttige frukostmøte og andre spennande tilteljingar» seier Bringebøen. Ho skal ut på friarrunde til næringslivet dei neste to vekene, og håpar ho vert teke godt i mot!

Kva synes medlemmane av FUS om miljøet?

Ei av bedriftene som sit på FUS når Driftig er innom, er Wüssen Norge AS, og vi møter Paul Velsand som blei tilsett der i vinter. Bedrifta er del av eit Sveitsisk konsern, som har totalt tre tilsette i Sogndal. Dei sett opp tårn i skredutsette fjellsider som kan gjennomføre kontrollerte utløysingar av skred på vinterstid. Velsand kjem rett frå studiar i Tromsø, og seier det var jobben som trekte han til Sogndal, men at fritidsinteressene hans passar godt med staden. Velsand trekker fram inneklimaet, kontorfasilitetane og nakkegymmen kvar onsdag som tre gode ting ved fellesskapet. «I tillegg er mine kollegaer ofte på reise, og da er det verdifullt å vere her som eg kan møte andre FUS-bedrifter over ein kaffikopp eller felles lunsjpause når vi er på kontoret,» medgir Velsand.

Litt bortanfor Velsand finn vi Martin Hammer, dagleg leiar for Fjellsportfestivalen AS. Også han er nyinnflytta til bygda, men har allereie blitt kjent med mange flinke folk gjennom miljøet på FUS og Fosshaugane Campus. «Eg har framleis til gode å møte ei stengd dør,» seier han og fortset: «For meg har det vore utrolig fint å komme hit til Sogndal, og til kontorfellesskapet på FUS. Eg er takknemleg for at eg har moglegheita til å sitte i eit kreativt og engasjert miljø, som ser verdien av å utveksle erfaringar på tvers av kompetanse og erfaringsbakgrunn. Det er både motiverande og inspirerande.»

Fikk du lyst å flytte inn her du og? Ta kontakt med Lisbeth Bringebøen for ein uformell prat.

Blogginnlegg som kjem:

Driftig vil dekkje liknande miljø i Sogn og Fjordane. I neste blogginnlegg vil du bli kjent med Aksello i Florø. Når Peak Sunnfjord starter opp skal vi også ta ein prat med dei. Føl med vidare!

20180612_FUS.jpg

Innlegget er basert på eit intervju med Joakim Systaddal og Lisbeth Bringebøen, her avbilda i lokala til FUS på Fosshaugane Campus.