Slik får bedrifta di ein god start

Det er veldig viktig å ha gode og klare avtaler mellom teammedlemmene i ei oppstartsbedrift for å unngå unødvendig tidsbruk og diskusjonar. Desse avtalene bør ein få på plass så tidleg som mogleg. Denne veka har Håkon og Kristoffer frå Verdas Beste Sommarjobb fått hjelp av Geir Opseth frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane med å skissere aksjonær- og opsjonsavtale. 

 

I Munti Magic er vi fleire teammedlem kor nokon er idéhavere, medan andre har blitt med på prosjektet undervegs. Difor har vi jobba med å utvikle ein opsjonsavtale for å fordele eigardelane i selskapet på ein ryddig måte. Opsjonsavtalen vi har laga går ut på at ein skal opparbeide seg eigarandelar i selskapet etterkvart som ein gjennomfører bestemte aktivitetar og milesteinar. Dette gir tryggleik for begge partane av kontrakten, og opsjonsavtalen kan også fungere som ein god motivator mot milesteinane.  

For å lære meir om korleis vi skulle lage ei opsjonsavtale sette Driftig oss i kontakt med Geir Opseth frå Kunnskapsparken. Han har lang erfaring og ekspertise på området, og det var veldig hjelpsamt å få eit nøytralt synspunkt på saka. Han hjelpte oss med å forstå verdien av å skrive presise kontraktar og starte dialogen rundt fordeling av eigardelar på eit tidleg stadium. Ved å få unnagjort dette fjernar ein usikkerheit hos alle partane, og ein kan rette sitt fulle fokus mot dei meir kritiske problemstillingane som ein står ovanfor.

Dersom du ynskjer å lære meir om aksjonæravtaler eller har vidare spørsmål kan vi trygt tilrå deg å kontakte Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Dei har dyktige rådgjevarar som kan gi gode tips og verdifull rettleiing i prosessen.  

- Håkon og Kristoffer

 

Kontakt: 

Geir Opseth

Forretningsutviklar
Mobil: 480 02 223
e-post: geir@kpsf.no
Kontorstad: Førde

 

Du kan også lese meir om KPSF her: https://www.kpsf.no/

Oppsummering veke 3

Oppsummering veke 3

I veke tre av Verdas beste sommarjobb har vi besøkt Sunnfjord Utvikling, jobba med opsjonsavtale, og vore ein tur i Florø for å besøke Aksello og Våt Moro festivalen. 

På Aksello møtte vi inkubatorleiar Vanja Viken, og vi fekk høyre om kva som går føre seg av gründerverksemd i Florø. Her er det mykje som skjer innan fisk og havbruk, og Aksello tilbyr både rådgjeving og kontorplassar til lovande oppstartar. Dei har og ein Idélab, som er eit lågterskeltilbod til gründerprosjekt i alle bransjar som (endå) ikkje er i inkubasjon.

Saman med Chester frå Runestone Interactive hadde vi ein triveleg lunsj der vi fekk fleire innspel på prosjektet vårt  I tillegg fekk vi eit lite innblikk i framtida ved hjelp av teknologien Runestone Interactive utviklar. Det er alltid inspirerande å prate med andre gründerar som jobbar med teknologi for å få inspirasjon og utveksle erfaringar.

Etter møtet med Aksello stod Våt Moro festivalen for tur. Her var det god stemning med vannsport heile helga, og vi fekk også med oss ein terningkast 6-konsert med ARY. 

Våt Moro gav meirsmak, så vi tok oss ein forfriskande svømmetur i Storevatnet i Florø på veg heim. *plask plask* 

Vi kom oss også opp på to av byfjella i Førde. Ekstremt bratt, men herleg å kome seg opp i høgda. 

Vi er no inne i vår fjerde veke, og denne veka jobbar Kristoffer med Munti Magic på TechYard mens Håkon stiller opp som koordinator for prosjektet The Journey, som er ein del av ei 5 vekers gründerskule for utanlandske studentar ved NTNU. På fredag er det duka for Gründerlunsj i Førde med Trine Skei Grande på Kafé Sobra, og vi skal få prate om prosjektet vårt. 

 
 

Driftig.no ynskjer å takke:
Festivalen Våt Moro og Frank Robert Klakegg for festivalpass
Sunnfjord Utvikling og Åshild Kjelstad Seljesæter
Aksello AS og Vanja Viken

Oppsummering veke 2

Veke to i Verdas Beste Sommarjobb har bydd på idéutveksling med lokale gründerar, bulgarsk kvinnesong, møte hos Amfi Sogningen, eksotisk fjelltur og ørkenblues ved Førdeelva.Veke to i verdas beste sommarjobb har bydd på idéutveksling med lokale gründerar, bulgarsk kvinnesong, møte hos Amfi Sogningen, eksotisk fjelltur og ørkenblues ved Førdeelva.


Måndag: research og Storhesten

Måndagar kan vere tunge, spesielt når det er midt på sommaren og sola steikjer ute. Etter ein lang dag med research på kontoret tok dagleg leiar på TechYard, Øyvind, oss med opp på Storhesten for å kople av. Ein veldig fin tur vi anbefaler å ta viss du er i området.

Tysdag: workshop hos Sparebanken Vest

Tysdag starta med workshop hos Sparebanken Vest. Her fekk vi lære om kva for strategiar dei nyttar når dei jobbar med B2B-sal. Møtestruktur, kjemi og oppfølging av leads var sentrale tema.

Onsdag: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Gaularfjellet

På onsdag besøkte Kristoffer Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Dei hadde også invitert gründerar med kontor hjå inkubatoren, samt lokale næringsselskap. Etter ein presentasjon av Munti Magic fekk vi mange nyttige attendemeldingar. Alle var veldig hjelpsame og delte sine tankar og idear rundt Munti Magic. Besøket hjå Kunnskapsparken resulterte også i eit givade møte hos Amfi Sogningen same dag. Der fekk vi diskutert produktet vårt med ein potensiell kunde, noko som alltid er veldig interessant.

Same dag tok Ingvild fra Driftig med Kristoffer på terrengsykling. Det var actionfylt og skremmande, men samtidig ein veldig gøy oppleving. Returen frå Sogndal til Førde gjekk om Gaularfjellet, sikksakk mellom sauer og kuar for å komme opp til utsiktsposten på toppen.

Gaularfjell-collage.jpg

Resten av veka: kontoret og Førdefestivalen.

Resten av veka baud på vanlege arbeidsdagar på TechYard og Førdefestivalen på kveldstid. Her fekk vi med oss gruppa Mokoomba frå Zimbabwe, fleirstemt bulgarsk kvinnesong i Førde kyrke, og kongane av ørkenblues, Tinariwen frå Mali.

Kommande veke 

Den kommande veka skal vi besøke Sunnfjord Utvikling, sjå på moglegheitane for å få utplassert ein prototype av Muntibox på eit nærliggande kjøpesenter og få testa vatnet på havsportfestivalen Våt Moro i Florø. Følg oss på Instagram Stories her

- Håkon og Kristoffer


 

 

Oppsummering veke 1

I dette innlegget kan du lese om vår første veke i Verdas Beste Sommarjobb. Vi har teke tempen på innovasjonsmiljøet i Førde, rafta ned Førdeelva, gjort business, utfordra høgdeskrekk og blitt overvelda av rå natur.  


Måndag: introdag

Måndag 26.juni blei vi innlosjert på Techyard, ein innovasjonshub i Sogn og Fjordane med base i Førde. Her finn du blant anna lovande startups, coworking space og fablab / makerspacelokal. Kontoret vårt er fullt med alt fra dronar til 3D-printarar, demonterte sykebilar og hengekøyer. Altså ein bra stad å sleppe kreativiteten laus og byggje, progge eller møte nye menneske.

Autoforum Førde sytte for at vi fekk ein flunkande ny gründer-mobil med fartsstriper og feite felgar. Klare for å ta Førde med storm drifta vi ned til Dolly Dimples der det var duka for storslått pizza-party med Innovasjon Noreg, gutta frå Tibber og VBS-koordinatorane, Allan og Ingvild. Ein særdeles triveleg affære og vi fekk moglegheita til å smørje Innovasjon Noreg, med rømmedressing..

Tysdag: kontoret

På tysdag hadde vi ein reindyrka arbeidsdag og fekk ein fantastisk tur på Hafstadfjellet på kvelden.

Onsdag: workshop

På onsdag hadde vi ein veldig nyttig workshop med Geir Opseth frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Han sparra om eigarforhold i oppstartsbedrifter og hjalp oss med å utvikle ein aksjonæravtale for vår oppstart.

På kvelden feira vi ein produktiv arbeidsdag med quiz på Pikant med nyerverva sognevennar. Bygutar møtte bygdelivets utfordringar og endte opp med å vasse til utestaden.

Torsdag: kundemøte

Torsdag var ein stor dag for gutta. Vi fekk vårt første kundemøte i Sogn og Fjordane, og eit vellykka eit såvel. Vi møtte Anne Karin som var er senterleiar for Elvetorget i Førde. Ho likte prosjektet veldig godt og ei avtale til hausten er allereie under diskusjon. Elles hustler Håkon seg gjennom ⅔ av Førdes treningssenter på gratis prøvetime i jakta på verdas beste sommarkropp.

Fredag: rafting

Etter ein varm dag på kontoret trengte vi å koble av. Vårt første møte med elva i Førde var så vellykka at vi bestemte oss for å rafte ned elva. Vi starta ved sjukehuset og rafta på kvar vår gummibåt ned til sentrum. Tilrådast.

 

Laurdag: Via Ferrata

Med utsikt til godvêr på laurdag løyste vi inn ei gåve frå Loen Active: Klatretur opp Via Ferrataen i Loen. 1000 høgdemeter, spektakulær klatring og fantastisk utsikt. Om man skal vere ærleg så kitla det litt i tissefanten når vi måtte ta oss over Europas høgste hengebru. Vi tilrår turen til alle som liker å leve i nuet. 6 timar opp ble redusert til 10 minutt ned att med den nye pendelbana.

 

Neste veke

Neste veke tek vi turen til Sogndal for å møte inkubator-/gründermiljøet på Fosshaugane Campus, gå Storehesten, ha eit møte Innovasjon Noreg, utforske Førdefestivalen og mykje meir.

- Håkon og Kristoffer

10 spørsmål 20 svar: Håkon og Kristoffer frå Verdas Beste Sommarjobb

10 spørsmål 20 svar: Håkon og Kristoffer frå Verdas Beste Sommarjobb

Gründerane Håkon Vikøren og Kristoffer Aase er på plass hjå Techyard og Hellenes i Førde og tek no fatt på Verdas Beste Sommarjobb. I løpet av dei seks neste vekene skal dei vidareutvikle forretningsidéen sin Munti Box som er eit digitalt leiketre for barn som kan plasserast på større offentlege stadar som kjøpesenter, flyplassar og opplevingssenter.  Driftig har snakka med dei om sommarjobben, forventingane og framtida.


MUNTI MAGIC: Kristoffer Aase (t.v) og Håkon Vikøren (t.h), aka Munti Magic, har kontor hjå Techyard og Hellenes i Førde i sommar. 

MUNTI MAGIC: Kristoffer Aase (t.v) og Håkon Vikøren (t.h), aka Munti Magic, har kontor hjå Techyard og Hellenes i Førde i sommar. 


Kristoffer Aase

Alder: 23

Yrke: Student

Bustad: Trondheim

Interesser: Teknologi og musikk.

 

Håkon Vikøren

Alder: 24

Yrke: Student

Bustad: Trondheim

Interesser: Friluftsliv, teater og musikk

 


 

Kva ville de bli som liten?
 
Håkon: Når eg var liten ville eg bli fotballspelar. Eg var ein typisk fotballgutt. Følgde med på ligatabellen i alle de største europeiske ligaene, leste Boeing-blad og var på fotballbana heile helga, kvar helg. På barneskulen var det neste målet å bli siviløkonom, som ikkje er så langt frå det eg har blitt.
 
Kristoffer: Eg ville bli søppelmann, det så skikkeleg spennande ut å stå bakpå bilen medan den køyrde.

 

 

Kva skjedde?
 
Håkon: Eg forstod vel at dei lange beina mine ikkje klarte å springe fort nok for engelsk eliteserie og teknologien hadde ikkje komme langt nok til å gjere noko med det.
 
Kristoffer: Eg fann ut at eg heller ville bli fotballspelar eller rockestjerne, noko eg framleis prøver meg på.
 

 


Kvifor valte de NTNUs entreprenørskapsskule?
 
Håkon: Eg hadde høyrt mykje bra om studiet frå tidlegare studentar, både om det sosiale samhaldet og den uortodokse oppbygginga. Dei sa at ein måtte jobbe hardt, men at ein kunne følge sine eigne interesser og lidenskap i større grad enn ved andre studiar. Så ein av hovudgrunnane til at eg valte den vegen var fridom. Eg har også alltid vore inspirert av tanken på å jobbe med min eigen forretningsidé og likar kjensla av å skape noko nytt og eige som er drive av teamarbeid og stå-på-vilje. Det er også ein fordel at skillet mellom arbeid og fritid blir viska ut.
 
Kristoffer: Eg har alltid hatt lyst til å starte mi eiga bedrift. Entreprenørskulen virka som eit spennande og kreativt studie som ville gi meg god erfaring og innsikt i korleis eg kunne gjere dette. Samstundes mista over 12 000 menneske i Stavangerregionen jobbane sine grunna nedgang i oljeindustrien, så eg såg eit tydeleg behov for nyskapning og innovasjon.  
 


 
Kva gode kvalitetar ser de i kvarandre som er nyttig å ha som gründer?
 
Håkon: Kristoffer er uredd og flink til å ta initiativ. Han har stor arbeidskapasitet og har tidlegare starta fleire interessante prosjekt som blant anna eige plateselskap, designfirma og musikkgruppe. Han er også god på å ta eit steg tilbake og sjå dei mest pressande problemstillingane. Her komplimenterer han meg, då eg gjerne kan peise på utan å tenke på kvifor vi faktisk jobbar med akkurat det vi held på med.  
 
Kristoffer: Håkon er flink, effektiv og ein legende i Excel. Som Håkon seier er han flink til å druse på, noko eg synest er ein veldig viktig kvalitet å ha som gründer. Vi jobbar ofte i eit høgt tempo og gjer ting vi eigentleg ikkje kan, og difor er det viktig å ”gønne” på for å komme seg framover, noko Håkki gjer på ein god måte.  

 


 
Kva kan de bli flinkare til?

 
Håkon: Eg kan bli flinkare i å strukturere arbeidsveka mi. Eg er veldig strukturert når eg arbeider med noko på dagen, men kan absolutt bli flinkare til å disponere tida over eit lengre perspektiv. Eg kan også bli flinkare til å sette pris på å stå opp kl. 7.
 
Kristoffer: Det å få unnagjort små gjeremål, som å sende e-poster og ta telefoner er noko eg prøver å bli flinkare til å gjere fortløpande, slik at eg kan fokusere meir på dei komplekse oppgåvene vi jobbar med. Eg har også potensiale til å bli flinkare til å danse, lukeparkere og fortelle vitsar.   


 
 
Kva håpar de å lære i verdas beste sommarjobb?
 
Håkon: Eg håper eg kan få anvende det eg lærer på Entreprenørskulen i ein  forretningssamanheng. Heilt konkret ønsker eg å inngå ein salsavtale med ein spennande samarbeidspartnar i regionen og knytte investorar til prosjektet. Prosessane rundt dette trur eg vil gi eit større læringsutbytte av studiet mitt, og verdifull erfaring frå næringslivet som eg kan ta med meg seinare i livet.
 
Kristoffer: Same som Håkon. Eg ønsker også å lære meir om sal, noko som er ein svært viktig del av prosjektet vårt.
 
 


 
Kva forventingar har de til dei seks vekene som ligg framfor dykk no?
 
Håkon: Eg forventar å inngå ein avtale med ein samarbeidspartnar og sette opp ein MuntiBox i løpet av perioden. Eg har også lyst å få gjort grunnarbeidet før ein skalering av bedrifta kan starte i løpet av hausten. Vi har som mål å selje 10 einingar innan 2017, og for å sende dei ut i starten av 2018 må ein del logistikk vere avklart. Elles forventar eg å ha det veldig kjekt i løpet av sommaren. Kristoffer og eg har allereie lagt opp til mange kule aktivitetar i fylket, som til dømes Våt Morro og ActiveLoen.
 
Kristoffer: Eg trur at det å jobbe i Sogn og Fjordane over sommaren kjem til å gi oss eit nytt perspektiv på prosjektet vi jobbar med, og eg er spent på å møte mange flinke folk i tillegg til å oppleve alt som Sogn og Fjordane har å by på! 

 

 

Kva teknologi klarar de dykk ikkje utan?
 
Håkon: Eg likar å tru at eg ikkje er så avhengig av teknologi, men det stemmer nok ikkje. Det ville nok vere digital musikk. Spotify er ein gudegave.
 
Kristoffer: Macbooken min. Den er senteret i livet mitt.
 
  


Om de kunne ete middag med kven som helst, død eller levande - kven ville de invitert?
 
Håkon: Jesus. Ein meir innverknadsrik person tviler eg på at ein finn.
 
Kristoffer: Gautama Buddha verkar som ein veldig roleg og triveleg type med god innsikt i det meste.
 

 


Kva snakkar de om rundt middagsbordet? 
 
Håkon: Eg tek med tre flasker vatn, så kan jeg blindteste dagens vin mot Jesus sin vin. Deretter testar vi dagens teknologi: Segway, droner, mobilar. Blir Jesus overraska? Eller er dette langt unna det han definerer som eit mirakel. Eg fortell han om korleis han har endra verdshistoria og om alt det fantastiske og forferdelige som har blitt gjort i hans namn. Vidare kan vi faktasjekke bibelen og rusle på vatnet i Førdefjorden.

Kristoffer: Om eit tre fell i skogen og ingen høyrer det, lager det då ein lyd?

 


De kan velje ei superkraft kvar - kva vel de og kvifor?
 
Håkon: Å Fly. Det hadde gitt meg utruleg mykje glede både som ein miljøvennlig transportmåte og eit utruleg underhaldande tidsfordriv. Andre superkrefter hadde nok freista meg til å bli vond.
 
Kristoffer: Å kunne transformere meg til dyr og andre menneske slik som i bokserien Animorphs. Tenk på alle moglegheitane.


 
Vi reiser fem år fram i tid. Kva gjer de på?
 
Håkon: Eg arbeider i ei bedrift saman med eit fåtal morosame og smarte menneske. Håpet er at Munti Magic har utvida seg til 20 tilsette og at vi har ein skalert og verdsomspennande bedrift som lagar gode produkt til fornøgde kundar. Eg vil ikkje lage dårlege produkt og tene gode pengar på det.
 
Kristoffer: Eg håper på å jobbe kreativt med teknologi saman med trivelege menneske og skape spennande løysingar og opplevingar til ein internasjonal marknad.


 

Fortsetjing følger

Så følg med på bloggen, facebook og instagram til Driftig der vi held deg oppdatert på Verdas Beste Sommarjobb og gründerlivet i Sogn og Fjordane.

 

Vinnarar av Verdas Beste Sommarjobb 2017

Vinnarar av Verdas Beste Sommarjobb 2017

To gründerspirer frå NTNU har stukke av med Verdas Beste Sommarjobb 2017 – dei får seks veker til å jobbe med forretningsideen sin i Sogn og Fjordane.

Løysinga har fått namnet Munti Box, og er utvikla av Ablemagic i samarbeid med studentane Håkon Vikøren, Kristoffer Aase og Aksel Bjørnø. Sistnemnte skal delta på Gründerskolens utlandsprogram i sommar og vert difor ikkje med til Sogn og Fjordane. Alle tre kjem frå Entreprenørskapsskulen ved NTNU i Trondheim. I sommar vert Sogn og Fjordane heimplassen til Håkon og Kristoffer.

– Vi såg på Verdas beste sommarjobb som ein unik sjanse til å bruke sommarferien til å jobbe med forretningsideen, dra nytte av det gode nettverket driftig.no stiller til disposisjon og kickstarte prosjektet inn i neste semester. I tillegg hjelper det med ei såpass generøs løn i eit pressa studentbudsjett, seier dei to.


Kristoffer Aase
Håkon Vikøren

Kristoffer Aase (t.v) og Håkon Vikøren (t.h.)


Barneleike

Forretningsideen går ut på å heve besøksopplevinga for barn gjennom unike digitale opplevingar som er utvikla spesielt for det offentlege rom. Produktet, Munti Box, er eit leike-tre, med digitale skjermar festa til greinene. Med bruk av trykksensitive skjermar kan barna leike, lære, lage og utforske saman med andre. Gründerane håpar på å kunne teste ideen sin to-tre plassar i Sogn og Fjordane i sommar, for å innhente informasjon om korleis dei kan vidareutvikle produktet.

– Hovudmålet er sjølvsagt å få til eit sal i løpet av sommaren. Vi trur vi kjem til å lære mykje av erfarne ressurspersonar om det å starte ei bedrift. Forhåpentlegvis kan vi også knyte til oss verdifulle partnarar for bedrifta, seier gründerane.

Følg gründerane på driftig.no

Driftig.no stiller med det som trengst av ressurspersonar som kan hjelpe og rådgje gründerane i løpet av dei seks vekene dei skal vere i Sogn og Fjordane.

– I retur skal gründerane dokumentere opphaldet i denne bloggen. Her kjem det til å skje mykje spennande, så det kan blir moro å følgje med på, seier Ingvild Andersen, som leiar redaksjonsgruppa til driftig.no

Gründerane håpar å nytte sommaren til å komme i kontakt med andre gründerar, potensielle kundar og investorar. No kan planlegginga av sommaren starte!

Driftig ønskjer gründerane lykke til!


Verdas Beste Sommarjobb 2017

Verdas Beste Sommarjobb 2017

Er du blant dei som søkte på tidenes gründerkonkurranse - Verdas Beste Sommarjobb 2017? Om få dagar vil vi kunngjere vinnaren her på Driftig.no, så følg med :)