Nettbasert etablerarprogram er for deg som vil vera gründer i Vestland! Det er førebels sett opp to program våren 2022, med oppstart 15. januar eller 12. februar. Kurset er gratis og støtta av Vestland fylkeskommune

Kursa inneheld 8 nettbaserte samlingar på 60-90 min kvar, og to fysiske samlingar (om mogeleg).

Du lærer

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?

  • Korleis kjem eg i gang med å etablera eiga verksemd? Og kvar bør eg starta?

  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og granska potensialet til å skapa varer og tenester.

I løpet av programmet blir du introdusert til

  • ein praktisk steg-for-steg metode for idéutvikling og oppstart av bedrift.

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt eige tempo. 

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din.

Startdato for neste kurs

15 Januar 2022 kl. 10:30

12 Februar 2022 kl. 12:00

Språk: Norsk, English

Format: 4 veker - 2 fysiske samlingar (om mogleg) - 8 online sesjonar - Oppfølging frå rådgjevar

Gjennomføring av kurset

Kurset går over 4 veker. Vi startar med ei samling der du vert kjend med dei andre deltakarane. Her får du ei innføring i kva verktøy og metodar som vert nytta i kurset. Etter dette har vi to online ettermiddagssamlingar i veka, kvar på 90 minutt. Så avsluttar vi med ei, etter planen, fysisk samling laurdag føremiddag i veke 4. Kurset byggjer på omvendt-klasserom pedagogikk og case-basert læring. Ein rådgjevar fylgjer deg opp undervegs og det vert forventa at du jobbar med å utvikla prosjektet ditt mellom samlingane. Vi anbefalar deg å vera med på heile programmet, men du kan delta sjølv om du ikkje har høve til å vera med på dei fysiske samlingane.