Velkomen til frukostwebinar om internasjonal netthandel!

Skal du satse på netthandel til andre land? Då kan det vere lurt å setje av ein time saman med eksportsenteret til Innovasjon Noreg. I dette frukostwebinaret vil dei kome med tips til kva som er viktig å tenke på for deg som planlegg internasjonal netthandel.

Webinaret vil handle om

  • juridiske aspekt

  • toll- og merverdiavgift

  • logistikk og lagerhandtering

Webinaret passar for deg som har ambisjonar om å selge produkt til privatpersonar (B2C) online internasjonalt.