• Stryn Næringshage (map)
  • Tinggata 3
  • 6783 Stryn
  • 8.november kl. 17-19
  • Stryn Næringshage
  • Gratis

Kurset er i regi av Innovasjon Noreg og deira kontaktperson er Egil Henning Ytroy.


Frå idé til marknad - Stryn

Vegen frå idé til marknad startar med å la kundane avgjere om idéen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle idéen din, og korleis Innovasjon Noreg kan hjelpe deg på vegen. 

 Vi vil gå gjennom:

  • Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
  • Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
  • Etablerartilskot– Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. For å få maksimalt utbytte av samlinga ynskjer vi derfor å bruke idéen til ein av deltakarne som case. Tek du utfordringa? Fortell oss i så fall dette når du melder deg på. Det er ein ypparleg sjanse til å teste idéen din og få verdifulle tilbakemeldingar.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter (speed dates).