Velkomen til kurs i økonomi og rekneskap

Quality Hotel Florø 3. oktober 2019

kl. 16:30-20:30

Målet med kurset er at du skal få betre økonomiforståing. Du skal òg få nokre verktøy du kan nytte for å kunne planlegge økonomien i verksemda di.

Kursinnhald og arbeidsmåte

På kurset vert det veksla mellom presentasjonar frå kursleiar og praktisk arbeid med eigen forretningsidè eller verksemd. Kursleiar går gjennom reknearkmodellar som du kan bruke i eige arbeid. Kurset er lagt opp til å ha god dialog og til å lufte eigne problemstillingar. På denne måten håpar vi at kurset vert mest mogeleg praktisk retta og nyttig for alle deltakarane.

Viktige tema

  • Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse

  • Analyse av rekneskapet

  • Viktige nøkkeltal

  • Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett

  • Kva må vi førebu til rekneskapsførar

  • Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om

  • Kort om mva, skatt og avgift

  • Korleis leitar vi etter forbetringar

  • Måle forbetringar

  • Kva faresignal skal vi sjå etter

  • Ulike selskapsformer

Korleis førebur du deg

Ta med skrivesaker,  bærbar PC, og eige arbeid eller notat om idèen din.

Det vert enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.

Kurset er gratis.

Vel møtt!