• Scandic Sunnfjord Hotel (map)
  • Storehagen 2
  • 6800, Førde
  • Norge

Temakurs i økonomi og rekneskap

Målet med kurset er å auke økonomiforståinga og gje nokre verktøy inn i arbeidet med å skape oversikt og planlegge økonomien i bedrifta.

Korleis arbeider vi oss gjennom kurset:

Vi vekslar mellom presentasjonar og praktisk arbeid med eigen forretningsidé/bedrift. Vi viser døme på reknearkmodellar som vi kan nytte i eige arbeid. Og så legg vi opp til mykje dialog og lufting av eigne problemstillingar slik at kurset vert mest muleg praktisk retta for deltakar.

Viktige tema vi er innom:

  • Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse
  • Analyse av rekneskapet
  • Viktige nøkkeltal
  • Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett
  • Kva må vi førebu til rekneskapsførar
  • Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om
  • Kort om mva, skatter og avgifter
  • Korleis leitar vi etter forbetringar
  • Måle forbetringar
  • Kva faresignal skal vi sjå etter
  • Ulike selskapsformer

Korleis førebur du deg:

Ta med skrivesaker og  gjerne bærbar PC

Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging