Om driftig

Driftig er ein informasjonskanal for gründerar, idèskaparar og entreprenørar i Vestland

Føremålet til driftig er å formidle nyttig informasjon til deg som ynskjer å starte eller vidareutvikle verksemd i Vestland samt sette deg i kontakt med dei rette personane som kan hjelpe til på vegen.

Vestland fylkeskommune har ansvaret med å leie og drifte driftig.no.


Status

Vestland fylkeskommune arbeider med å etablere eit nytt heilskapleg entreprenørskapssystem for nye Vestland fylke som gjev lik tilgang til støtte og rettleiing uansett kvar i fylket ein bur. Entreprenørskapssystem skal vere eit system for dei som ønskjer å etablere bedrift eller vidareutvikle verksemda si, og for dei som driv med rettleiing, opplæring, inkubasjon og økonomiske subsidiar. Det er ønskjeleg at dei eksisterande aktørane innan entreprenørskapsstøtte skal integrerast i ei slik teneste. I påvente av at det nye tilbodet kjem opp og går, vil ein nytte driftig.no som nettstad, informasjonskanal og kontaktpunkt for dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland fylke. Som ei mellombels løysing vil aktørane vidareføre eksisterande tilbod fram til nytt system er klart.

Avtalane som Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt med eksterne leverandørar om etablerarkurs og -rettleiing vil bli forhandla fram på nytt. Meir informasjon kjem når dette er klart. Etablerarsenteret, som er eit spleiselag Hordaland fylkeskommune har hatt med fleire av kommunane i Hordaland, vil òg vidareføre tilbodet sitt med etablerarkurs, rettleiing og nettverkssamlingar.


Kontakt

Innhaldsredaktør: Sandra Haugland, sandra@etablerersenteret.no

Ansvarleg redaktør: Mette Nora Sætre, Mette.nora.setre@vlfk.no
Seksjonssjef Verdiskaping i byregionar, Vestland fylkeskommune

Sandra Haugland, Innhaldsredaktør

Mette Nora Sætre, ansvarleg redaktør.

Mette Nora Sætre, ansvarleg redaktør.


Kontaktskjema