Kurs some_ william-iven-19844-unsplash.jpg

For første gong strøymer Driftig.no eit gratis kurs i digital marknadsføring for bedrifter i Sogn og Fjordane.

– Vi veit at det er mange der ute som gjerne vil, men som av ulike grunner ikkje har tid til å delta på kurs. No skal det i alle fall ikkje vere reiseveg og tidspunkt som skal vere stopparen for deltaking, smiler Ingvild Andersen i Driftig.no.

Driftig.no er eit samarbeid mellom verkemiddelaktørane i Sogn og Fjordane, og arrangerer mellom anna ei rekkje gratis kurs fleire stader i fylket. (Klikk her for å komme til kurssida.)

15. mai strøymer dei for første gong eit av kursa sine på nettet, slik at kven som helst kan følgje det frå sin eigen pc. Tema er bruk av sosiale media i marknadsføring.

 

Etterspurt kunnskap

– Vi gjorde ei spørjeundersøking retta mot nystarta og små bedrifter i fylket, og fann at bedriftene ønsker å lære meir om å ta i bruk digitale verktøy, seier Andersen.

Kurset blir gjennomført av Keyteq, eit leiande selskap innan IT og digital marknadsføring med sete i Bergen. Linda Kragseth, leiar for digital marketing i Keyteq, skal leie kurset.

No ønskjer Andersen å skape blest rundt det unike kurstilbodet, som ho trur mange vil ha glede av.

– Kurset er retta mot små bedrifter og gründerar, men alle kan delta, seier ho, og oppmuntrar alle til å spreie ordet.

Kven som helst kan sjå

– Kurset blir strøymt via nettstaden www.driftig.no, så no kan du delta online frå kvar som helst. I tillegg har vi avtalt med kursleverandør at kurset blir liggande ute ein periode etterpå, slik at dei som ikkje rekk å sjå live-sendinga kan velje sjølv når dei ser det, forklarer Andersen.

Andersen kan ikkje love at alle kursa til Driftig.no blir strøymde framover, men viss interessa er der, så lovar ho å jobbe for det.

– Eg vil at kunnskapen skal komme fram til kvar krok av Sogn og Fjordane, og strøyming av kurs er definitivt ein måte å gjere det på, avsluttar Andersen.

For meir informasjon

Ingvild Andersen
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Ingvild.Andersen@sfj.no
Tlf. 57 63 80 39

(Dette innlegget blei sendt ut som pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune 24.april 2018)