Driftig arrangerer kvart år kurs for å hjelpe gründerar og småbedrifter på ulike forretningsspesifikke område. I år har det nettbaserte gründersenteret tråkka ekstra på gassen for å imøtekomme næringslivet sine ønskjer.

Bedrifter og personer over heile fylket fekk moglegheita til å stemme fram kva kurs dei ønska seg. Alternativa var:

·         Korleis starte ein nettbutikk

·         Korleis gjere ein nettstad kundevenleg

·         Kurs i presentasjonsteknikk for bedrifter

·         Korleis nytte sosiale media til marknadsføring

Det siste alternativet, korleis nytte sosiale medium til marknadsføring, blei ein klar vinnar. Kurset i korleis starte nettbutikk kom hakk i hæl, og Driftig-redaksjonen bestemte seg derfor for å sette opp begge kursa i 2018.

 

- Vi håpar verkeleg at dette vil gi næringslivet i fylket nyttig kompetansetilførsel og ikkje minst inspirasjon til å tenkje nytt om eiga verksemd, seier redaksjonsleiar Ingvild Andersen, og fortset, - dette er perfekte kurs for bedrifter som er klare for å legge om drifta i takt med aukande digitalisering og kundeførespurnader, men som ikkje heilt veit kvar dei skal begynne.

Alle kursa som arrangerast av Driftig er gratis og går utanom normal arbeidstid. Tid og stad og påmelding finn du ved å klikke på denne lenka.

Gled deg over ny, nyttig og gratis kunnskap i 2018 saman med Driftig!

Korleis starte nettbutikk er eit av kursa som kjem i 2018.

Korleis starte nettbutikk er eit av kursa som kjem i 2018.