Etablerarkurs er for deg som treng kompetanse og rådgjeving i samband med utvikling av eigen forretningside, eller bare er nysgjerrig.
Etablerakurset byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder.
Kurset går utanfor vanleg arbeidstid og er gratis.
Deltakarane får ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme og oppgåver undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Kurshaldar vil hjelpe den enkelte deltakar med å styrke sine relevante lokale, regionale, nasjonale eller internasjonale nettverk for å få framdrift i ei bedriftsetablering.
Kurset består av tre samlingar og tilbod om individuell oppfølging av kurshaldar.
Samling 1
Varigheit: 4 timers kveldskurs ein vekedag
Hovudmål: Å forstå kunden sitt behov før løysinga vert designa.
Tema som vert gjennomgått: Behovsavklaring, kundesamtalar, kundeprofil, verdikart, kven er kunden m.m.
Samling 2
Varigheit: 4 timers kveldskurs ein vekedag
Hovudmål: Korleis skape verdi for kunden.
Tema som vert gjennomgått:
Løysing på kundejobben,
hypotesetesting, kontinuerlig forbetring, kundesamtalar m.m.
Samling 3
Varigheit: 8 timer - 4 timers kveldskurs ein fredag og 4 timer lørdag formiddag
Hovudmål: Finansieringsmodell, finansieringsmoglegheiter, rådgjeving og vegen vidare.
Tema som vert gjennomgått: Forretningsmodell, kapital i tidleg fase, selskapsform, presentasjon av rådgjevarar m.m.
Kurs i 2018
Førde
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel
Oppstart: 12.april 2018
Samling 1: 12.4.2018 kl. 17-21
Samling 2: 19.4.2018 kl. 17-21
Samling 3: frå 4.5.2018 kl. 17-21 til 5.5.2018 kl. 8-12
Sogndal
Stad: Quality Hotel Sogndal
Oppstart: 1.november 2018
Samling 1: 1.11.2018 kl. 17-21
Samling 2: 8.11.2018 kl. 17-21
Samling 2: frå 23.11.2018 kl. 17-21 til 24.11.2018 kl. 8-12
Nordfjordeid
Stad: Nordfjord Hotell
Oppstart: 6.september 2018
Samling 1: 6.9.2018 kl. 17-21
Samling 2: 13.9.2018 kl. 17-21
Samling 3: frå 28.9.2018 kl. 17-21 til 29.9.2018 kl. 8-12
Kurset er utvikla av Innovasjon Norge og fylkeskommunen, i samarbeid med næringsselskap, kommunar og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Aktuelle kurs: