Kurs i Vestland

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs heile året. Du kan delta på korte introkurs, eller vere med på eit komplett etablerarkurs.

Det er mogleg å delta på berre eit kurs, eller du kan velje å setje saman fleire kurs, alt etter kva du ynskjer!

I 2020 slo Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman til Vestland fylke. Fyrste tida vert ein overgangsperiode der kurs i og frå begge fylka framleis vert gjennomførde. Kalendaren er oppdatert med alle relevante kurs vi tilbyr - i tillegg til nokre relevante kurs frå andre tilbydarar også. Følg med i kalendaren og meld deg på dei du ynskjer.

I begge fylka er det ulike introkurs, etablerarkurs og temakurs. Etablerarkursa gjev ei grundig innføring i det å starte bedrift og kursa vert tilpassa deltakarane sine individuelle behov. Introkursa tek gjerne føre seg ein eller fleire tema på eit overordna nivå, medan temakursa gjerne går i djupna på eitt einskild tema, som f.eks marknadsføring i sosiale medium.

Bruk gjerne kontaktskjemaet og send oss forslag til kurs du ynskjer at vi kan arrangere.

Har du lyst til å melde deg på eit kurs? Klikk deg inn på det kurset du tykkjer ser spennande ut og du finn påmeldinga der.