Kontaktpunkt
Under kontaktpunkt finn du kontaktinformasjon til dei som jobbar med næringsutvikling i kommunane i fylket. Desse kontaktane vert gjerne omtalt som fyrstelinetenesta. Nokon kallar det også tiltaksapparatet eller næringsapparatet - dette er det offentlege kontaktpunktet du som gründer, idéskapar, oppfinnar eller berre nyskjerrig, kan få informasjon om korleis du kan starte, utvikle og drive eiga verksemd eller prosjekt.
Klikk på din kommune for informasjon om kva tilbod som finnast der du er.
Ta kontakt med næringssjef Olav Grov i Luster kommune, så avtalar vi eit uforpliktande møte.
I Luster kommune så vil vi i førstelinjetenesta i kommunen hjelpe til med å gje deg råd og rettleiing om etablering av næring.
For hjelp til etablering i landbruket, kontakt landbrukssjef Steinulf Skjerdal,Steinulf.Skjerdal@luster.kommune.no, tlf 57 68 55 83.
Miljø og program
Ønskjer du å treffe andre gründerar, idéskaparar, entreprenørar eller oppfinnarar i fylket vårt? Desse miljøa kan vere den viktigaste ressursen for ditt prosjekt i ein oppstartsfase, og kan hjelpe deg med nettverk, finansiering, kompetanseheving og mykje meir. Ta kontakt med ditt nærmaste utviklingsmiljø eller di lokale fyrstelineteneste for meir informasjon.
Her er ein oversikt over nokon av miljøa du kan bli ein del av.