Kontaktperson: Tova Kjæmpenes

Stilling: Ass. rådmann 

Telefon: 911 28 390

Askvoll

I Askvoll er det førstelinjetenesta i kommunen du bør kontakte. Dei kan hjelpe deg med råd og rettleiing om etablering av næring.

Ta kontakt med ass. rådmann Tova Kjæmpenes i Askvoll kommune, og få eit uforpliktande møte. Det kommunale næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i regionen. Dette skal skje gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv og ved etablering av nye verksemder i regionen. Støtte frå fondet vert gjeve som tilskot.

Støtteordningar: 

  • Investeringstilskot: tilskot til investering i bygg, maskiner og utstyr
  • Bedriftsutviklingstilskot: tilskot til utviklingskostnader, både ved etablering og utvikling av verksemd
  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur: tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar. 
  • Arrangementstøtte: tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre og utvikle regionen.

For hjelp til etablering i landbruket, kontakt landbrukssjef Geir Grytøyra, geir.grytoeyra@askvoll.kommune.no, tlf. 57 73 31 36.

For utfyllande informasjon, sjå kommunen si heimeside:


Les om tilboda i din kommune